– Eg vil finne ut om val av ulike behandlingsalternativ som insulinpenn, insulinpumpe eller glukosesensor har noko å seie for om barn og unge med type 1 diabetes får betre helse og livskvalitet og kva som kan bidra til at dei meistrer sjukdomen betre, seier Bratke.
Nyleg fekk han nemleg meldinga han har venta på: Søknaden hans om finansiering av doktorgraden blei vurdert som så god at han får forskingsmidlar frå Helse Vest. Konkurransen i den årlege tildelinga av forskingsmidlar mellom helseføretaka på Vestlandet er hard, og det er vanskeleg å nå heilt opp. Berre 24 av 105 PhD-søknader fekk finansiering i år. Meldinga kom same dag som Bratke fekk vite at han og diabetesteamet ved barnepoliklinikken har vunne årets kvalitetspris i Helse Fonna. Det var ei god veke for den engasjerte overlegen.
– Ingenting av dette kjem gratis, det ligg mykje hardt arbeid bak. Men det er verdt det, seier han.

ENGASJERT: Barnelege Heiko Bratke er sterkt fagleg engasjert i barn med diabetes og korleis helsetilbodet deira kan bli betre. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna
Behandlinga er avgjerande for livsvarig god helse
Kvalitetsprisen fekk dei for eit prosjekt som har ført til at enno fleire barn får så god kontroll med diabetesen sin at dei unngår auka risiko for alvorlege komplikasjonar seinare i livet. Med doktorgradsprosjektet vil Bratke finne ny kunnskap som kan styrke barns moglegheit til god sjukdomskontroll ytterlegare.
Han forklarar at dei fleste barn med diabetes bruker insulinpumpe, eit lite apparat som gir kroppen insulintilførsel gjennom døgnet. I tillegg er det meir og meir vanleg å bruke kontinuerleg glukosemåling, som gir oversikt over behandlinga utan at barnet må måle blodsukkeret mange gonger dagleg.
– Det er fleire typar av disse hjelpemidla på marknaden og dei har ulike eigenskapar. Eg håpar prosjektet vil gi viktig kunnskap for å kunne hjelpe helsepersonell og familiane til å ta gode helsefaglege val som er førebyggande for seinkomplikasjonar. Ein del av prosjektet er også å vege effekten av desse tekniske hjelpemidla opp mot andre tiltak, som for eksempel det nasjonale kvalitetsforbetringsprosjektet «Sammen om bedre diabetesbehandling for barn og ungdom i Norge» som barnepoliklinikken i Helse Fonna er ein del av.
Bitt av forskingsbasillen
Vegen til doktorgradsprosjektet Bratke no har fått finansiering til, gjekk via eit heilt anna prosjekt:
– Det begynte med at ein kollega i Bergen spurte om eg ville forske litt i samband med oppdatering av percentilane, kurvene vi bruker til å følgje barns vekstutvikling.
Bratke publiserte slik sin første vitskaplege artikkel i 2017, i fagtidsskriftet BMC Pediatrics. Det ga meirsmak. Sjølv om han no driv med forsking, vil han ikkje gi heilt slepp på livet i klinikk.
– Det er kjekt å forske, og eg er veldig motivert for doktorgradsarbeidet. Men ønsket mitt er å halde fram som lege i barneseksjonen halve tida. Slik kan eg vere ein del av fagmiljøet her og følgje opp barn med diabetes eg har vore lege for i fleire år, samtidig som eg forskar.