Koronavirus: Dette skjer med tilboda innan psykisk helsevern

Situasjonen med koronavirus gjer at vi må redusere tilbodet til pasientar også innan psykisk helsevern. Her er ei oversikt over tilboda som er reduserte.

Du må ta kontakt med oss på telefon eller sende melding via helsenorge.no før timen din dersom du:

  • har symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust)
  • har påvist eller mistenkt smitte av covid-19
  • siste 14 dagar har vore i eit område med vedvarande spreiing av koronavirus
  • er definert som kontakt til person med påvist smitte av koronavirus.
Vi vil vurdere om timen din skal gjennomførast med nøvendige smitteverntiltak eller utsettast.
 

Oversikt over tilbod i psykisk helsevern

 

  • Polikliniske timar går i hovudsak via telefon eller videoløysingar. Pasientar skal møte til timen sin om dei ikkje har fått beskjed om anna. Pasientar som har mistanke om eller påvist smitte av koronavirus må ta kontakt med oss før timen slik at vi kan gi tilbod om telefon- eller videokonsultasjon.
  • ECT-behandling er betydeleg redusert.
  • Elektiv døgndrift og brukarstyrte plassar er i all hovudsak erstatt med andre tilbod.
  • Kapaistet innan planlagt avrusing ved Haugesund sjukehus er redusert, og nye pasientar blir ikkje tatt inn.
  • Alderspsykiatri går med redusert kapasitet. 
  • LAR-utdeling blir fremdeles gjennomført, men der er gjort større lokale tilpassingar for å redusere smitterisiko.
  • Alle sjukehus og DPS er stengt for besøk. Pasientar kan ikkje ta i mot besøk av pårørande.
Vi har utpeikt eigne døgneiningar som vil ta imot og handtere eventuelle pasientar med mistanke om eller bekrefta smitte av koronavirus.