Koronavaksinasjonen skal sikre nødvendig helsetilbod

Vaksinasjon av helsepersonell skal bidra til å redusere risikoen for at helsetenestene sviktarI neste veke startar Helse Fonna vaksinering av sine tilsette.

HBE-injeksjon-katrinesunde.jpg

Klar for vaksinering: Helse Fonna startar vaksinering av 564 medarbeidarar i midten av neste veke. Illustrasjonfoto: Katrine Sunde, Helse Bergen

Helse Fonna startar neste veke med koronavaksinasjon av dei første medarbeidarane. Til grunn for prioritering av kven som får vaksine ligg behovet for å oppretthalde nødvendig helsetilbod til innbyggjarane.

– Oppdraget vårt er å sikre kritiske funksjonar slik at vi både kan handtere nye smittetoppar i pandemien og gi det nødvendige helsetilbodet til befolkninga elles. Dette ligg til grunn for føringane vi har fått om korleis vi skal prioritere vaksine til helsepersonell, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Eit visst volum vaksiner er tildelt Helse Fonna, og prioritering av kva personellgrupper som skal bli vaksinert er først drøfta i felles beredskapsmøte mellom RHF'et og dei lokale helseføretaka. Det er semje om at ein skal sikre optimal bruk av tildelte vaksiner til spesialisthelsetenestene i første runde, der ein legg til grunn regjeringa si grunngjeving og prioritering.

Det primære prinsippet for prioriteringa av vaksinasjon av tilsette er sjukehusa si evne til å vareta befolkninga sitt behov for helsetenester i ein situasjon med aukande smitte, og ikkje omsynet til beskyttelse for smitte for den einskilde tilsette, sjølv om også dette omsynet er viktig.

helse-fonna-olav-klausen--foto-eirik-dankel.jpg

Tøff prioriteringBeredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok i dag den endelege prioriteringa av kven som får koronavaksine i Helse Fonna. Adm. dir. Olav Klausen opplyser at behovet for å oppretthalde nødvendig helsetilbod til innbyggjarane er det som er viktigast i høve til prioriteringane som er gjort. Foto: Eirik Dankel

Førsteprioritet er funksjonar som må ha høgare kapasitet for å handsame auke av covid-19 pasientar, til dømes intensivmedisin og testkapasitet.

Andreprioritet er funksjonar som i så stor grad som mogleg skal oppretthalde normal kapasitet, men der det ikkje er trong for auke.

Prioriteringa er ikkje uttrykk for ei rangering eller verdsetting av ulike medarbeidarar eller yrkesgrupper. Medarbeidarar som er i risikogrupper og derfor skal prioriterast etter dette, må ta kontakt med sin fastlege og vil bli vurdert for vaksinasjon i sin kommune.

Smittevern framleis det viktigaste

– Det blir framleis like viktig å ha godt smittevern gjennom å halde seg heime ved sjukdom, halde avstand til andre, ha god handhygiene og følgje dei smittevernreglane som gjeld i dei ulike situasjonane, seier Klausen. Dei medarbeidarane som kan heimekontor bør ha det, etter dialog med næraste leiar.

Eit eige vaksinasjonsutval har utarbeidd forslag til prioritering i samsvar med overordna prinsipp. Forslaga er diskutert i beredskapsleiinga, med dei tillitsvalte og vernetenesta. Endeleg avgjerd blei tatt av beredskapsleiinga i dag. Dei ulike leiarane vil no få oversikt over talet på medarbeidarar som skal ha vaksine i første pulje og utarbeide namnelister. Namnelistene skal vere klar i løpet av måndag 11. januar.

Samtidig pågår oppretting og klargjering av to vaksinasjonsteam slik at ein er klare til å starte vaksinering i veke 2.

Helse Fonna får nok dosar til å vaksinere 564 medarbeidarar, på bakgrunn av fordelinga gjort av Helse Vest RHF. Den som blir vaksinert må ta to dosar med minimum 21 dagars mellomrom. Dei første dosane kjem i veke 2 og 3. Deretter kjem det påfyllingsdose i veke 5 og 6.

Tidleg neste veke kjem det meir informasjon om alle praktiske ting kring vaksinasjonen.

Open om prioritering

– Det er viktig at vi er opne om kva prioriteringar som blir gjort og kvifor det blir slik. I vaksinasjonsutvalet er det representantar frå ulike funksjonar, tillitsvalte og verneombod, for å få råd om best mogleg prioritering. Dei tillitsvalte og vernetenesta er òg involvert før endeleg avgjerd blei tatt, seier Klausen. 

Samtidig må ein vere budd på å gjere endringar på kort varsel.

– Vi er i ein pandemi der situasjonen kan endre seg frå dag til dag. Vi kan derfor ikkje utelukke at det må omprioriterast, men då skal vi grunngi dette godt, seier Klausen.

Trass i at vaksinedosane langt frå rekk til alle Helse Fonna sine 4.000 tilsette, er Klausen glad for at vaksineringa endeleg er i gang. Sjølv om vaksinen er frivillig håpar han at flest mogleg tar i mot tilbodet om vaksinering.

- Det er ikkje lett å prioritere mellom alle gode medarbeidarar som trengs for å drive spesialisthelseteneste. Uansett gjeld det for alle at det er positivt at vi no er i gang med vaksinering, seier Klausen. Han er trygg på at det raskt kjem mange fleire vaksiner til føretaket slik at vi kan vaksinere mange fleire medarbeidarar i løpet av kort tid.

- Vanskeleg prioritering

Føretaksverneombod Randi Broch Guddal understrekar at vaksinasjonsutvalet har halde seg til nasjonale føringar som utgangspunkt for fordeling av dei første dosane av vaksiner.

- Det viktigaste i denne omgang har vore å sikre at ein har personell på plass til å utføre dei mest kritiske oppgåvene, at ein først vaksinerer dei som har kompetanse det er vanskeleg å erstatte, slik at ein kan halde beredskapen oppe. Det å sikre at vi har medarbeidarar til å handtere pandemien er ein fordel for oss alle, forklarar Broch Guddal. Ho har stor forståing for at det er medarbeidarar som kunne tenkt seg vaksine tidlegare.

- Det er vanskeleg å prioritere når ein ikkje har nok dosar til alle. Det er alltid gode grunnar for kvifor ein meiner at nokon må få vaksinen før andre . Vi får håpe at det kjem nok dosar til alle etter kvart, seier Broch Guddal, og får støtte frå Nina Budal, føretakstillitsvald i Norsk sjukepleiarforbund. Ho synest det er bra at helsepersonell no har blitt prioritert fram i vaksinekøen.

Lengtar til normal kvardag

- Med prioriteringa kjem det føringar som vi må rette oss etter. Tanken er å oppretthalde viktige sjukehusfunksjonar ved ei eventuell skalering av pandemien. Det er eit samfunnsansvar som eg er sikker på at dei tilsette forstår på lik line med innbyggjarane. Dei som får vaksine i første omgang får det fordi dei jobbar i ei avdeling som er viktig for akutt beredskap, har ei spesielle oppgåve i høve til å halde sjukehusa i drift, eller har spesialkompetanse som er vanskeleg å erstatte. Vaksinasjonsutvalet har fordelt talet, medan leiarane i neste omgang skal komme med namn på kven som får vaksine. Den interne prioriteringa kan sikkert diskuterast og gjerast på mange måtar. Men vi må hugse på at dette berre er starten, og vi kan ikkje bruke så mykje tid på slike diskusjonar, seier Budal.

Ho presiserer at det er viktig å halde fram med gode smittevernrutinar, også for dei som får vaksine.

- Så får vi håpe at dei fleste tek imot tilbod om vaksine etter kvart, og at vi kan få tilbake kvardagen med fysiske møte, både på jobb og fritid, seier Nina Budal.

Nina-Budal-Randi-Guddal.jpg

I vaksinasjonsutvalet: Hovudverneombod i Helse Fonna, Randi Broch Guddal (t.v.) og føretakstillitsvald i Norsk sjukepleiarforbund, Nina Budal, har begge vore med i arbeidet med å prioritere kven som skal få vaksine i første omgang.