Koronatesting ved Haugesund sjukehus

Ny maskin som skal auka testkapasiteten er bestilt, men Helse Fonna opnar for å ta imot prøvar frå kommunane dersom det hastar med svar.

Helse Fonna har ein maskin for koronatesting (PCR-maskin) på Haugesund sjukehus som har liten kapasitet. Kapasiteten på maskinen har lenge vore fullt utnytta.

- Det er bestilt ein ny maskin med langt større kapasitet, og vi vil gjere alt vi kan for å framskunde leveranse og oppstart av denne. Vi beklagar at vi før ny maskin er komme i hovudsak ikkje kan ta imot prøvar frå kommunane, skriv Helse Fonna i eit brev som er sendt ut til kommunane.

LAB - Camilla-Andreas - 27-3-2020 - foto Eirik Dankel_5.jpgTesting av prøvar ved laboratoria ved Haugesund sjukehus. (Arkiv)

Helse Fonna vil likevel opne opp for at kommunar kan ta kontakt om det er prøvar med stor konsekvens som hastar mykje, for å høyre om prøven kan takast i Haugesund.

Kommunane kan i så tilfelle ta kontakt med seksjonsleiar ved laboratoriet via sentralbordet.

Helse Bergen og Helse Stavanger har god kapasitet for testing og kan ta imot prøvar frå kommunane i opptaksområdet i Helse Fonna.

Helse Fonna har ein Helseekspress som går frå Haugesund, til Stord og til Haukeland universitetssjukehus alle kvardagar

Bussen kan ta med prøvar frå kommunane til Haukeland universitetssjukehus.

Prøver levert til laboratoriet vil bli sende med Helseekspressen påfølgjande virkedag. Prøvar levert fredag-søndag blir ikkje sende før måndag morgon med Helseekspressen, men kan sendast på annan måte dersom det hastar med svar.

Ved levering i resepsjonen på sjukehuset i Haugesund må ein ringja tlf. 52732214 for at prøver skal hentast der. På Stord er telefonnummeret 53491090. Prøvar må vere pakka inn i konvolutt som er merka «Covid 19 PHT».

Helse Fonna kjem også til å invitere kommuneoverlegar og smittevernlegar til eit telefonmøte neste veke der blant anna dette vil bli sett på dagsordenen.