Kommunane bidrar med jordmødrer

Fleire kommunar i Helse Fonna sitt dekningsområde bidrar no med jordmødrer til drift av fødeavdelinga ved Haugesund sjukehus. Grunna koronasituasjonen er åtte jordmødrer ved fødeavdelinga i karantene, og tiltaket er gjort for å sikre eit godt tilbod til fødande.

– Dette viser tydeleg at koronaviruset gir store konsekvensar for helsetilbodet i sjukehusa, ikkje berre for avdelingane som skal ta i mot pasientar med koronavirus, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
 
Dei åtte jordmødrene det gjeld er i karantene grunna tidlegare reise. Klausen understrekar at ingen medarbeidarar ved fødeavdelinga har fått påvist smitte.
 
– Frå og med tysdag går jordmødrer frå både Haugesund, Tysvær og Vindafjord kommune inn i vaktplanen til fødeavdelinga ved Haugesund sjukehus. Vi er svært takksame for bidraget og opplever eit godt samarbeid med kommunane om dette, seier Klausen.
 
– Desse jordmødrene jobbar til dagleg med oppfølging av gravide kvinner i sin kommune, og følgjer dei gjennom svangerskap, fødsel og barsel. Vi gir dei opplæring i våre rutinar slik at dei kan gå inn i drifta hos oss, seier klinikkdirektør Kjersti Tollaksen.
 
I tillegg vil Helse Fonna flytte jordmor frå Odda sjukehus som i dag blir brukt i følgjeteneste for gravide frå Ullensvang kommune. Følgjetenesta blir inntil vidare oppretthalde.

Også ved Stord sjukehus har dei dialog med kommunar om samarbeid om jordmorressursar for å vere førebudd dersom det skulle oppstå utfordringar med tilgang på personell.
 

Fødande får ha følgje av partnar under fødsel

Alle sjukehus i Helse Fonna er no stengt for besøkande. Kvinner får likevel ha med éin person under fødsel, både ved Haugesund og Stord sjukehus. Men kvinner som føder ved Haugesund sjukehus kan ikkje ha partnar med seg under barselopphaldet. Det vil seie at personen som følgjer kvinna må reise heim frå sjukehuset etter fødselen, når mor og barn er flytta over til barselavdeling.
 
– Det er sjølvsagt veldig trist, men heilt nødvendig i denne situasjonen, seier Tollaksen og legg til at dei vil gjere eigne vurderingar i situasjonar der det oppstår sjukdom hos mor eller barn.
 
Ved Stord sjukehus, der det er moglegheit for einerom for barselkvinner, kan partnar følgje mor og barn også til barselopphaldet. Regelen er då at partnaren ikkje får forlate sjukehuset under opphaldet, slik at ein unngår trafikk inn og ut og reduserer smitterisiko.
 
Gravide kvinner kan ikkje ha med følgje til vanlege timar på sjukehuset, som ultralyd eller andre kontrollar. Dette gjeld alle pasientar, ettersom sjukehusa har innført besøksforbod. Det er adgangskontroll ved inngangen. Tilsette må vise adgangskort for å sleppe inn og besøkande blir vist vekk med mindre dei fell inn under unnataket for besøk og har gjort avtale på førehand. Les meir om adgangsrestriksjonar på våre nettsider.
 

Fødande må gi beskjed ved sjukdom

Fødande og følgjeperson må ta kontakt med sjukehuset på førehand dersom éin eller begge har:

  • symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust)
  • vore utanlands siste 14 dagar
  •  vore i nærkontakt med ein person med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus dei siste 14 dagane.
Då vil fødeavdelinga kunne sette i verk nødvendige smitteverntiltak før, under og etter opphaldet på sjukehuset.