Denne veka var det offisiell opning av BUP Haugesund si nye avdeling for dei alle minste pasientane, nemleg spedbarn og småbarn.
Sikker med saksa: Ada Sannes Mikkelsen. Foto: Eirik Dankel
Det var Ada Sannes Mikkelsen (4 1/2) som fekk æra av å klippe snora, i lag med Emma Sofie Lae-Pedersen og Siv Emberland frå Helse Fonna sitt ungdomsråd. Og det var sjølvsagt tid til både talar, omvising, kaffi og kaker.

Snorklipp: Siv Emberland (t.v.), Ada Sannes Mikkelsen og Emma Sofie Lae-Pedersen fekk æra av å klippe snora. Foto: Eirik Dankel
Har vakse ut av lokala
Georg W. Reinhardt er overlege og avdelingsleiar ved BUP Haugesund. Han har alltid sett det som ein styrkje at all verksemd har vore samla under eitt tak. Men etter kvart har dei blitt så mange at det var trong for nye areal.

Avdelingsleiar: Georg Reinhardt fortel at dei i lang tid har hatt plassproblem på BUP Haugesund. Han er glad for at dei no har fått meir plass i 3. etasje i det gamle meieribygget i Karmsundsgata. Foto: Eirik Dankel
– I det siste har vi hatt 20 behandlarar som har vore utan kontor, noko som har kravd store logistikkutfordringar. Vi var difor nøydde til å sjå korleis vi kunne løyse dette, om vi skulle byggje på, eller flytte delar av verksemda vår. Vi valde det siste, og då kom spørsmålet kven som skulle flytte. Avdelinga for sped- og småbarn er kanskje dei som jobbar minst i lag med fagmiljøet elles på BUP, og difor var det naturleg at dei flytta, fortel Reinhardt.
Han er nøgd med lokala, og viser til at fleire administrative funksjonar i Helse Fonna held til i same bygget.

Opningsfest: Avdelingsleiar Georg Reinhardt står klar med velkomstdrikke til dei inviterte gjestene. Foto: Eirik Dankel
– Alle ville gjerne vere i 3. etasje, men no er det vi som fekk den. Det er eg glad for. Ikkje bere gir Helse Fonna «indrefileten» i bygget til pasientar, og ikkje til eigne medarbeidarar. Men dei gir også desse flotte lokale til dei minste pasientane, seier ein nøgd avdelingsleiar.
0-5 år
Koordinator og spesialist i klinisk pedagogikk, Ellen Hagland Hansen, er ei av fem behandlarar som jobbar i avdelinga, og ho fortalde om kva dei gjer, og litt om historikken.

Nøgde: Anna Kvassheim Sannes (t.v.), Ellen Hagland Hansen og Åse Vigdis Hallingstad er godt nøgde med dei nye lokala. Foto: Eirik Dankel
I 2003 vart den første småbarnsgruppa etablert, med barn frå 0-6 år. Sidan har det vore fleire endringar og meir fokus og satsing på barne- og ungdomspsykiatri også for dei aller yngste. Målgruppa er dei minste barna frå 0-5 år, frå heile Haugalandet, dvs. kommunane Haugesund, Karmøy, Tysvær, Sveio, Bokn, Utsira, Vindafjord, Etne, Sauda, Suldal.
I snitt vert 70-80 barn viste til denne avdelinga kvart år.
Samspel mellom barn og foreldre
– Vi har både utgreiing og behandling av barn med ulike tilstandsbilete som reguleringsvanskar, søvnvanskar, spisevanskar, Tourettes Syndrom, ASF, generelle utviklingsforseinkingar, tvang, selektiv mutisme, traumatiserte barn, eller barn med samspels- og relasjonsvanskar. Det å jobbe med dei minste skil seg ut frå å jobbe med eldre barn og ungdom. Rundt dei minste barna er det viktig å tenkje heilskap. For å kunne hjelpe dei små barna må vi også hjelpe foreldra, fortel Hagland Hansen.

Fekk blomar: Alle medarbeidarane i sped- og småbarnstemaet fekk blomar av funksjonsleiar Marit Elisabeth Ness (med ryggen til). Frå venstre Ellen Hagland Hansen, Margrethe Reigstad Aase og Anna Kvassheim Sannes. Foto: Eirik Dankel
Ei viktig oppgåve er å jobbe med samspel mellom barn og foreldre, og det er mykje foreldrerettleiing både individuelt og i gruppe. Dei brukar også barneterapi. I tillegg samarbeider dei tett med kommunane, til dømes barnehagane. Behandlarane er mykje ute og observerer og rettleiar i barnehagane. I tillegg er det tett samarbeid med PPT, barnevernstenesta, helsesøstre, habiliteringstenesta, barneavdelinga og familieambulatoriet.
– Vi er med i eit spiseprosjekt der det er samarbeid med lege og sjukepleiar frå barneavdelinga, habilitering, ernæringsfysiolog og ergoterapeut som gir rettleiing til dei barna med dei mest omfattande og komplekse spise- og ernæringsvanskane, forklarar Hagland Hansen.
Rosar samarbeidet
Administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna nytta høvet til å rose samarbeidet med kommunane.
– Dette er eit fint døme på at Helse Fonna har bygd opp eit godt behandlingstilbod til ei pasientgruppe som har mangla eit utgreiings- og behandlingstilbod. Her har vi flotte fagfolk som jobbar i team, og vi starta tidleg med samhandling ut mot kommunane og involverte helsesjukepleiarane i pasientforløpa, sa Klausen, som også understreka kor viktig det er å komme tidleg i gang med behandling.

Heldt tale: Olav Klausen er glad for at dei lyse, fine lokala i 3. etasje vert prioritert til dei yngste pasientane. Bak står nestleiar i Ungdomsrådet, Siv Emberland, medan Ada Sannes Mikkelsen er klar til å klippe snora. Foto: Eirik Dankel
– Det å komme i gang tidleg er eit viktig satsingsområde. Det kan førebyggje meir alvorlege psykiske lidingar seinare i livet, seier Klausen.



