«Ketsjupbeger» gir miljøgevinst i sjukehusa

Plastbegera hopa seg opp i bossdunkane etter medisinutlevering. - Dyrt og miljøskadeleg, meinte personalet. Løysinga blei "ketsjupbeger" som sparar Helse Fonna for både pengar og plastavfall.

Idebanken - avrusing 2020 - foto Eirik Dankel - nett_2.jpg

Sjukepleiar og verneombod Frode Hagen viser dei meir miljøvennlege medisinbegera. (Foto: Eirik Dankel)

- Forbruket av plastbeger var så stort at det nærmast hopa seg opp i bosskorgene våre. Dette følte vi ikkje var optimalt, så vi byrja å tenkja på om det var alternative måtar å gjera det på, fortel sjukepleiar og verneombod Frode Hagen på avrusingsposten ved Haugesund sjukehus.

Idédugnad

I desse dagar startar Helse Fonna ein kampanje som handlar om dei gode idéane. Det kan handla om forbetring, forenkling eller berre for å forbetre kvardagen.

Vernetenesta i Klinikk for psykisk helsevern prøver stadig å finna gode løysingar som betrar det ytre miljøet. I fjor droppa dei plastbeger for medisinutleveing til fordel for pappbeger, lik ketsjupbegera på McDonald's.

- Som sagt, så likte vi ikkje det store forbruket av plastbeger, og prøvde å redusera det. Først ved å ha eitt beger per pasient per dag, som blei merkt med namn og desinfisert etter kvar bruk. Men det var ikkje ei optimal løysing. Vi leita etter alternativ og søkte etter «medisinbeger i papp» på internett, utan å få særleg med treff. Og der vi fekk treff, var det altfor dyrt. I rein frustrasjon utbraut klinikkverneombod Dag Magne Torland: «Kan det vera så vanskeleg å få tak i nokre ketsjupbeger?». Då endra vi søket til «ketsjupbeger», og fekk opp fleire treff på. Ein positiv seksjonsleiar sa køyr på, og bestilling blei sendt.  Så no brukar vi resirkulerbare pappbeger, i staden for plast. Ikkje berre sparar vi miljøet – pappbegera er også litt billegare! Altså ein vinn-vinn-situasjon, fortel ein oppglødd og nøgd Frode Hagen.

Begera blir brukt til utlevering av medisin på akuttposten, avrusinga og på alderspsykiatrisk post. Det blir framleis brukt plastbeger til flytande medisin, men det utgjer berre 1 prosent av totalen.

- Inspirerande

Helge Børresen i seksjon for forsking og innovasjon i Helse Fonna er imponert.

- Dette er jo musikk i mine øyrer, og eg håpar dette kan inspirera andre avdelingar til å gjennomføra ein idédugnad. Vi veit det er mange gode idéar rundt om, og mange smarte hovud, som kjenner arbeidsplassen sin godt, så her er det berre å komma med idéane! Vi har eit organisert apparat til å ta imot og sortere forslag som kjem inn, fortel Børresen.

Ein idé kan vere forbetring av ein prosess, eit nytt verktøy, ein helt ny innovasjon eller eit problem du har merka og ønsker ei løysing på.

- Og det er heilt sikkert mange som har diskutert ting knytt til koronapandemien, og som har gode idéar til det, seier Børresen.

Idebanken - avrusing 2020 - foto Eirik Dankel - nett_1.jpg

Frode Hagen på Avrusingsposten ved Haugesund sjukehus og Helge Børresen frå Forsking og innovasjon. (Foto: Eirik Dankel)

Hagen har fleire idear til korleis Helse Fonna, som er sertifisert Grønt sjukehus, kan bli enno meir miljøvennleg.

- Det handlar om vilje til endring, forbetring og å vera tydelege. Og det handlar om identitet og vera føredøme for andre. Nokre tiltak kan gjerne kosta litt, og difor stoppar det gjerne opp. Men gevinsten i bakkant kan vera stor, meiner ein engasjert Frode Hagen – som lovar å komma opp med fleire idear.