Kan påvisa korona-antistoff

Laboratorium for medisinsk biokjemi på Haugesund sjukehus er blant dei første i landet som kan påvisa antistoff frå Covid 19.

​- Ja, frå og med denne veka kan vi analysere blodprøvar for å påvisa antistoff, dvs. få svar på om nokon har vore smitta av Covid 19, stadfestar avdelingsleiar Anne Mari Hagen i avdeling for laboratoriemedisin ved Haugesund sjukehus.

Dermed er dei blant dei i landet som er først ute med slike analysar. Det er utført eit veldig godt arbeid av bioingeniørane og avdelingsoverlegen for å få verifisert denne analysen på kort tid.

- Dette er ikkje ein såkalla hurtigtest, der ein får svar på få minutt. Dei er for usikre. Dette er ein langt sikrare og meir omfattande analyse, forklarar avdelingsoverlege Sutirtha Chakraborty, som presiserer at testen ikkje må forvekslast med testar som påviser smitte.

Lab antistoffer-covid 19 - foto Eirik Dankel.jpg

Tidleg ute: Funksjonsleiar Vibeke Hinderlid-Wilkins (t.v.) ved laboratorium  for medisinsk biokjemi, fagansvarleg ingeniør Rigmor Åsen, laboratorium for medisinsk biokjemi, avdelingsoverlege  Sutirtha Chakraborty, avdelingsleiar Anne Mari Hagen ved avdeling for laboratoriemedisin og fagansvarleg ingeniør Heidi Botnen Akselsen, laboratorium for medisinsk biokjemi, er glade for å kunne tilby analyse av antistoff frå CoVid 19. Foto: Eirik Dankel

 

Stort behov

Grunnen til at Helse Fonna er tidleg ute med slike analysar er at dei oppdaga etterspurnad frå lokale fastlegar. Dermed sonderte dei behovet i primærhelsetenesta, og svaret var klart: Det var eit stort behov. No er dei klare til å ta imot prøvar frå heile Helse Fonna-området.

- Vi har fått god hjelp frå smittevernlege Teis Qvale i Haugesund, som har vore i kontakt med pasientar som har vore smitta, og som velvillig har stilt opp og avgitt blodprøve. Dette for å testa at analysen vår fungerer, og det gjer han: Alle testa positivt på antistoff. Samstundes analyserte vi 1 år gammalt serum, som låg nedfryst, og som vi håpa skulle vere negative. Og det var dei, fortel Hagen.

 

Blodprøvar i kø

Allereie dei første timane måndag, analyserte Chakraborty og bioingeniørane hans over 50 blodprøvar.

Lab antistoffer-covid 19 - foto Eirik Dankel_4.jpg

Nøgde: Avdelingsoverlege Sutirtha Chakraborty og bioingeniørane Rigmor Åsen og Heidi Botnen Akselsen sjekkar resultata på skjermen. Foto: Eirik Dankel



- Og dette før vi har markedsført tilbudet. Det kan sjå ut som at ryktet alt har spreidd seg. Men vi har god kapasitet, vi kan ta 1.000 slike testar i veka, fortel avdelingsoverlegen. Dei rår fastlegane til å setje seg inn i laboratoriehandboka for korleis dei skal gå fram.

- Legane må «booke» ein analyse på same måte som ein gjer ved andre type blodprøvar, forklarar Hagen, og legg til at laboratoriet har henteordningar til svært mange legekontor i regionen, og det går også an å sende blodprøvar i posten.

 

- Viktig tilbod

Teis Qvale er glad for at han og andre legar i regionen no kan få analysert blodprøvar, og han reknar med det blir stor pågang frå pasientar som vil ta slik test.

- Ja, for oss, og ikkje minst pasientane, er dette eit kjærkomme tilbod. Ein må hugsa på at koronapandemien braut ut i ein periode då årets influensasesong var på sitt høgaste, og pågangen av folk som ville testa seg for Covid 19 var stor. Det var mange som ikkje fekk gjennomføra slik test, fordi symptoma ikkje var sterke nok, men som i ettertid nok lurer på om dei har hatt koronasmitte. Difor er eg glad for at me no kan tilby slike analysar, seier Qvale, som også trur Helsedirektoratet vil vera interesserte i tal til sine statistikkar.

- Studiar i Oslo viste at 1-2 prosent av dei som fekk påvist antistoff framleis var smitta, så det blir spennande å sjå om det er det same her, seier Qvale, som understrekar at pasientane må ta kontakt med fastlegen sin for å få teke blodprøve.

- Eg reknar med at pågangen blir stor, men det er ikkje berre å møta opp utan avtale for å ta blodprøve. Ein må ringja og bestilla tid i forkant, seier Qvale.

Også avdelingsleiaren trur dette blir eit populært tilbod.

- Og analysen er veldig god. Vi er veldig stolte over å kunne tilby analysen til våre rekvirentar. Meir utfyllande informasjon om tilbodet kan ein finna i vår lab-håndbok, der er det også mulig å abonnere på lab-info, eg håpar mange vil gjere dette, avsluttar ei stolt og glad Anne Mari Hagen.

Lab antistoffer-covid 19 - foto Eirik Dankel_2.jpg

I aksjon: Dei to bioingeniørane Rigmor Åsen (framme) og Heidi Botnen Akselsen i arbeid i laboratoriet på Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel



Fakta: Laboratorium for medisinsk biokjemi

* Skal sikre at pasientar og primærhelsetenesta i Helse Fonna sitt nedslagsfelt får god medisinsk service innan diagnostikk og behandling.

* Gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvane rekvirentane treng i førebyggande helsearbeid, diagnostisering og behandling av pasientar.

* Totalt 70 medarbeidarar jobbar ved laboratoria i Haugesund, Stord og Odda. Her jobbar bioingeniørar, helsesekretærar, assistentar og avdelingsoverlege.