Helsenorge

Jobbar hardt for eit digitalt og teknologisk løft på laboratoria

Ein pandemi med stort testbehov har lagt press på laboratoria. Samtidig har bioingeniørane jobba intenst med å førebu innflytting i nybygg og ein liten revolusjon av laboriatorietenestene i Helse Fonna.

I september flytter alle laboratoria ved Haugesund sjukehus inn i moderne lokalar i nytt sjukehusbygg. Samtidig skal mange prosessar automatiserast og digitaliserast, og nytt utstyr bli tatt i bruk. Det blir eit stort løft for Helse Fonna, men det kjem ikkje gratis.

– Vi har full drift i laboratoria medan vi skal verifisere alt nytt utstyr og instrument som blir installert i nybygget. Det er ikkje ein jobb som er gjort på éin dag. Det kan ta fleire månadar før all dokumentasjon er på plass for kvart instrument.

Det seier kvalitetssystemansvarleg i avdeling for laboratoriemedisin Kjersti Østrem. Bioingeniøren frå Avaldsnes er ganske nyleg flytta heim frå Bergen. Jobben hennar no er å drive kvalitetsarbeidet i avdeling for laboratoriemedisin. Det gjer ho saman med kvalietsleiar eller fagansvarleg bioingeniør for kvalitet i kvart av dei seks laboratoria i avdelinga (sjå faktaboks).

Lab nybygg juni 2021 - foto Eirik Dankel.jpg

KVALITET FØRST: Kjersti Østrem er kvalitetssystemansvarleg i avdeling for laboratoriemedsin i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel

FAKTA: Dette gjer laboratoria

Avdeling for laboratoriemedisin har seks laboratorium: patologi, medisinsk biokjemi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi og laboratoria ved Stord og Odda sjukehus. Den største yrkesgruppa er bioingeniørar, med rundt 95 bioingeniørar til saman. Dei andre yrkesgruppene er helsesekretærar, sekretærar, sjukepleiarar og overlegar.

Laboratoria undersøker ulike typar prøvar av pasientar, som er viktige for å stille rett diagnose og gi rett behandling. Prøvane kan vere blodprøvar, vevsprøvar frå ulike organ og deler av kroppen, urinprøvar, avføringsprøvar med meir. Immunologi og transfusjonsmedisin har ansvar for blodbankane og dei mange blodgivarane i Helse Fonna sitt område.

Laboratoria er avgjerande for å avdekke eller avkrefte sjukdom, stille rett diagnose, finne rett behandling og vurdere om behandlinga har effekt.

Helse Fonna bygger ut Haugesund sjukehus. I månadsskiftet august/september 2021 skal bygget vere klart til innflytting. Avdeling for laboratoriemedisin flyttar inn med alle sine laboratorium som i dag er lokalisert i Haugesund. Det inneber eit stort løft for ustyrsparken og digitalisering og automatisering av mange prosessar.


 

Må kunne stole på utstyret

– Eg skal prøve å dra alle i same retning. Vi skal få så mange felles prosedyrar som mogleg og jobbe på same måte for betre kvalitet. Det handlar om forbetring og forenkling, seier Østrem.

Viktigast no er jobben med å verifisere alt nytt utstyr som skal inn i laboratoria i nybygget.

– Dette er ikkje maskinar du berre kan plugge i veggen og slå på. Vi må verifisere alle analysar kvart instrument skal gjere, og det tar tid. Det første vi gjer er å lage ein verifiseringsplan; Kva skal vi sjekke og korleis. Det handlar om korleis instrumentet fungerer, om det er stabilt over tid, slik at vi kan stole på resultatet frå ein dag til den neste, seier Østrem.

For kvalitet må gjennomsyre alt laboratoriearbeid, her kan ein ikkje vere for rask på labben.

– Vi ønsker ikkje å få falske positive eller falske negative svar. Det kan føre til at pasienten får behandling vedkomande ikkje skal ha, eller ikkje får behandling som er nødvendig, seier Østrem.

Lab nybygg juni 2021 - foto Eirik Dankel_16.jpg

TING TAR TID: Laboratoria må verifisere alle analysar kvart instrument skal gjere, og det tar tid. Foto: Eirik Dankel

Omfattande og viktig arbeid

Metodane for verifisering er grundige. Dei bruker prøvar frå både friske og sjuke pasientar for å sjekke heile referanseområdet for analysen. Viss det kjem eit nytt instrument som skal erstatte eit gammalt, blir prøvane køyrt på begge instrument for å samanlikne svaret. Det kan gi viktig informasjon om korleis svaret skal tolkast. Dei same prøvane blir køyrt fleire gonger for å sjå at instrumentet gir det same svaret.

Dei har fleire hundre analyser på repertoaret, skal installere eit titalls nye instrument og er det andre helseføretaket i landet som skal ta i bruk digitalisering, robot- og smartteknologi. Det er ei tid prega av både forventning og frustrasjon. Østrem seier det er både stress og glede over korleis det skal bli. Ikkje minst er det mykje arbeid.

– Heile 2021 vil nok gå med før vi er heilt oppe i full drift.

Fagleg løft

Alle laboratoria som flyttar vil få eit løft i form av nye lokalar, nytt utstyr eller ny teknologi. Arbeidsmetodane deira blir i ulik grad endra som følgje av dette. Medan laboratorium for medisinsk mikrobiologi i stor grad går over frå manuelle til instrumentelle arbeidsmåtar, driv laboratorium for patologi eit handverk som hovudsakeleg inneber manuelle prosessar.

Funksjonsleiar for medisinsk mikrobiologi Trine Bertelsen ser fram til ei oppgradering.
 
– Det blir eit betydelig fagleg løft. Vi vil bli det andre laboratoriet i Noreg som tar i bruk digitalisering, robot- og smartteknologi for å effektivisere og forbetre tilbodet innan mikrobiell dyrkning og resistensbestemming, seier ho.

Ho seier dette skal bidra til standardisering og effektivisering i form av betre analysekvalitet, redusert sannsynlegheit for feil og kortare svartider for mellombelse svarraportar.

– Innan molekylær diagnostikk vil vi få fleire genteknologiske plattformar som gjer det mogleg med både auka kapasitet, fleire analyser og raskare og sikrare analysesvar, seier Bertelsen.

Lab nybygg juni 2021 - foto Eirik Dankel_1.jpg

FAGLEG LØFT: Funksjonsleiar Trine Bertelsen seier medisinsk mikrobiologi får eit betydeleg løft ved innflytting. Her i samtale med Kjersti Østrem. Foto: Eirik Dankel

Å ta i bruk genteknologiske analyser gir ofte eit meir presist og raskare svar enn tradisjonell dyrking. Dette kan både brukast til å påvise førekomst av bakterier, virus, sopp og parasitter og til å avdekke resistensgener hos ein del mikrober.

– I samband med etablering av presisjonsmedisin innan patologi arbeidar vi også med å få etablert eit tverrfagleg metode- og instrumentfellesskap innan molekylær diagnostikk, seier Bertelsen.

Menneska framleis viktigast

Sjølv om fleire av laboratoria skal ta i bruk nytt utstyr og automatisering, vil ikkje behovet for dyktige bioingeniørar endre seg. Det seier leiar ved laboratorium for medisinsk biokjemi Anne Mari Hagen.

– Bioingeniørane blir ikkje overflødige, tvert i mot. Vi får mykje viktig IKT som ligg bak for å få systema til å fungere, men automatiserte løysingar er komplekse, seier Hagen.

Kjersti Østrem meiner ein må vere teknologiinteressert for å jobbe på laboratorium.

– Samtidig er vi heilt avhengig av menneska på jobb. Det er mykje arbeid med å sette på reagensar, utføre vedlikehald, kvalitetssikring i ulike prosessar, vurdering av kvalitetskontrollar før svar kan gis ut og eventuelt feilsøking og retting når feil oppstår. Det vil alltid vere mange manuelle prosessar, seier ho.

Lab nybygg juni 2021 - foto Eirik Dankel_20.jpg

LYSE UTSIKTER: Funksjonsleiar Anne Mari Hagen og kollegene får nye, lyse lokalar. Og omfattande endringar. Foto: Eirik Dankel