– Eit ærefullt oppdrag å få og skikkelig stas å sjå det ferdige resultatet, seier psykiateren som til dagleg jobbar ved alderspsykiatrisk eining i Haugesund.
Til slutt enda Rongve opp med fem artiklar, skrivne av fagfolk frå heile verda, inkludert ein leiar han sjølv har skrive saman med to forskarkollegaer.
– Eg synst det er viktig å framheve at demens er meir enn Alzheimer sjukdom. Og det har vi lukkast med.
Lenge før deadline
Hausten 2014 kjem den første førespurnaden om å vere med. Det er kollega Dag Aarsland som har foreslått Rongve til redaksjonen.
Med på jobben blir også Clive Ballard og nemnde Aarsland, som begge jobbar ved Kings' College i London.
Så startar jobben: Kva er nytt på området? Kven kan bidra? Kva skal vere med?
– Vi ville lage ei samling med oversiktsartiklar. For å få det til kontakta vi aktuelle fagmiljø rundt om i verda, i USA, Australia, Sverige, Norge og England. På blokka hadde vi sju artiklar og ein leiar som skulle inn.
Deadline
Men ting tar tid.
– Klart, det er travle folk, så vi måtte purre litt. Til slutt blei endeleg deadline april 2016. Litt hadde allereie komme inn, men i vår blei det ein periode med intensiv lesing, endringsforslag og samarbeid med forfattarar.
– Fekk dekka området godt
Så, i slutten av juni kjem e-posten med eit ferdig tidsskrift.
– Det er var kjekt å sjå resultatet. Vi har dekka området godt.
– Eg er også svært nøgd med at vi har fått med ein artikkel av Ian McKeith, sjølve pioneren innan forsking på Lewy body-demens. Når eg jobba med han i Newcastle var også australske Rosie Watson der. Ho har også med ein artikkel, seier han entusiastisk.
Les heile utgåva av Journal of Geriatric Psychiatri and Neurology om non Alzheimer demens