Innfører nytt system for bestilling av varer og tenester

Helse Fonna tar i bruk nytt system for lager, faktura og bestilling av varer og tenester frå 1. desember. Det er programmet SAP som skal takast i bruk. Programmet er del av ein regional innføring. Innan 2021 skal alle sjukehusa i Helse Vest bruke same system.

Helse Fonna handlar årleg for 1 600 millionar kroner. Det betyr at det i 2020 vil bli omlag 50 000 fakturaer som vil bli behandla på ein annan måte enn tidlegare. I Helse Fonna jobbar vi no for å sikre at varer til sjukehusa blir bestilt i det nye systemet, slik at dei blir leverte på rett stad til rett tid. Blir dette utført korrekt, vil sjukehusa kunne spare både tid og pengar som kan nyttas i pasientbehandlinga.

– Helse Fonna har over tid hatt dialog med mange leverandørar for å sikre ein så smidig overgang til nytt system som mogleg. Vi er likevel førebudd på at nytt system kan gi utfordringar i ein overgangsperiode, seier økonomi- og finansdirektør Jan Håvard Frøyland i Helse Fonna.

Må bruke ordrenummer frå SAP

Det er viktig at alle som bestiller varer og tenester bruker ordrenummer frå SAP ved bestilling og fakturering, det same gjeld for leverandørar.

Fleire hundre medarbeidarar i sjukehusa får opplæring i nye felles arbeidsprosessar og nytt system.

– Systemet stiller krav til leverandør om ei ny og digital tilnærming. Den som bestiller varer i Helse Fonna må vere presis ved utfyllinga i SAP for å sikre korrekt leveranse og oppgjer innan frist, seier Frøyland.

Han er sjølv kontaktperson dersom leverandørar til sjukehuset opplever utfordringar i samband med omlegginga til nytt system.