HELSENORGE

Ingen tydeleg fødselsboom i Helse Fonna

Fødselstala går opp frå 2020, men det er ingen fødselsboom i opptaksområdet.

Tilsaman 1753 kvinner fødde ved fødeavdelingane i Helse Fonna i 2021. 430 av dei på Stord sjukehus og 1323 ved Haugesund sjukehus. Det er 127 fleire fødslar enn året før, men ein kan likevel ikkje snakke om noko babyboom. Vi skal nemleg ikkje lenger tilbake enn 2016 og 2017 for å finne betydeleg høgare tal, med høvesvis 1911 og 1836 fødslar.

For tidleg å konkludere

Folkehelseinstituttet presenterte i oktober i fjor tal som viste ein nasjonal auke i antal fødslar på 4,9 prosent i dei ni første månadane av 2021 samanlikna med same periode i 2020. FHI understreka då at det var for tidleg å seie om det var starten på ei varig positiv utvikling etter over ti år med nedgang i fødselstala. Heller ikkje i Helse Fonna kan ein peike på ein tydeleg trend.

– Vi ser normale svingingar frå år til år, og vi må nok vente nokre år til for å sjå om auken frå 2020 til 2021 er tilfeldig variasjon eller starten på ein trend, seier avdelingsleiar og jordmor Sidsel Petrine Vetås ved Haugesund sjukehus. 

Det har vore spekulert i om nedstenging og pandemi kan gjere at fleire par blir gravide. Vetås seier dei ikkje har grunnlag for å seie noko om årsaka til at det blei fødd fleire barn ved Helse Fonna sine fødeavdelingar i 2021 samanlikna med året før.

Føde Haugesund 2021 - foto Eirik Dankel_5.jpg

LITEN AUKE: Jordmødrene ved Sidsel Petrine Vetås si fødeavdeling tok i mot fleire fødande i 2021 enn i 2020. Arkivfoto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Ingen stor auke på Stord sjukehus

Auken i fødslar har vore større i Haugesund enn på Stord. 430 av dei 1753 Helse Fonna-babyane kom til verda på Stord sjukehus. Det er berre sju fleire enn året før.

– Dei siste fire åra har vi hatt jamt over færre fødslar enn åra før, seier avdelingsleiar og jordmor Isabel Solvang Tofte ved Stord sjukehus, som altså ikkje kan sjå noko særleg auke etter nedstenginga i mars 2020.

isabel-solvang-tofte-foto-stina-steingildra-intranett.jpg

NORMALE VARIASJONAR: Ved Stord sjukehus har det også vore normale variasjonar dei seinare åra. Avdelingsleiar og jordmor Isabel Solvang Tofte har ikkje sett noko babyboom som følgje av pandemien. Arkivfoto: Stina Steingildra/Helse Fonna

Fødselstal, Helse Fonna

Tala visar fødslar, ikkje antal barn (ved fleirlingar kjem fleire barn, men det er rekna som 1 fødsel).​ Kjelder: Helse Fonna og medisinsk fødselsregister, FHI

​​

​2016
2017​
​2018
​2019
​2020
2021
Stord
​466
472​
447​
​449
​423
​430
Haugesund
1445​​1364
​1246
​1284
​1203
​1323
​Totalt
​1911
​1836
​1693
​1733
​1626
​1753

helse-fonna-fodeavdeling-stord-fto-eirik-dankel.JPG

TOPPÅR: Denne jenta kom til verda i 2011, då det var heile 506 fødslar ved Stord sjukehus. Det er det høgaste talet dei siste ti åra. Arkivfoto: Eirik Dankel/Helse Fonna