Informasjon om purring og inkassovarsel

Har du fått purring på rekning, eller inkassovarsel frå oss? 

Ta kontakt med Lowell Norge AS om du har spørsmål eller treng hjelp.

​Det har vore tekniske utfordringar knytt til innføring av nytt økonomissystem, og Helse Vest sin eksterne leverandør, Lowell Norge AS, har av den grunn ikkje sendt ut purringar eller inkassovarsel på over 1 år. 

- Av den grunn har det blitt eit etterslep, og mange vil i desse dagar motta purring eller inkassovarsel i posten. Dette er noko vi er pålagt å senda ut, sidan vi trass alt forvaltar fellesskapet sine ressursar, og såleis er nøydde til å krevja inn det som er lovpålagt. Men vi har forståing for at dette kan komme brått på, og kanskje vere vanskeleg for mange. Vi vil derfor hjelpe til så godt vi kan for å finne gode løysingar for nedbetaling eller andre måtar å løysa det på. Dette er Lowell Norge AS innforstått med, og vi tilrår difor dei som har behov for det om å ikkje ringja til sjukehuset, men ta kontakt med Lowell Norge AS, på det telefonnummeret som er oppgitt på purringa, opplyser økonomidirektør i Helse Fonna, Jan Håvard Frøyland. 

Utfordringane knytt til det nye økonomisystemet gjeld heile Helse Vest, og ikkje berre Helse Fonna.