Ikkje alltid mogleg å legge til rette for direktesending av fødsel

Fødeavdelinga ved Stord sjukehus har fått merksemd etter at dei sendte ein fødsel direkte til ein far som måtte halde seg heime. No vil fødeavdelingane i Helse Fonna nå ut til fødande som kan vere i same situasjon.

– Heile situasjonen vi står i nå er svært utfordrande for både dei komande foreldra og for oss som jobbar i fødeavdeling. Det å legge til rette for at partnar kan vere med gjennom fødsel og barsel står veldig høgt hos oss, seier seksjonsleiar Isabel Tofte ved fødeavdelinga på Stord sjukehus.
 
Av omsyn til smitterisiko knytt til koronavirus har begge fødeavdelingane i Helse Fonna innført strenge retningsliner for følgje under fødsel. Den fødande får ikkje ha med seg følgje under fødsel dersom vedkomande har symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust) eller dei siste 14 dagane har vore i utlandet eller i kontakt med personar med påvist smitte. Under barselopphaldet må mor vere aleine med barnet på sjukehuset, uavhengig av partnaren sin situasjon.
 
– Det er ingenting vi ønsker meir enn at mor og partnar skal få vere saman om dette, men vi har no strama inn på reglane, slik alle fødeavdelingar i Helse Vest har gjort, seier Tofte.

isabel-solvang-tofte-foto-stina-steingildra.jpg

VIL LEGGE TIL RETTE: Det å legge til rette for at partnar kan vere med gjennom fødsel og barsel står veldig høgt hos oss, seier seksjonsleiar Isabel Tofte ved fødeavdelinga på Stord sjukehus. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna


Gravide kvinner følgjer helseråda

Seksjonsleiaren, som sjølv er jordmor, seier gravide kvinner er flinke til å halde seg oppdaterte på helseråd.
 
– Vi ser at både kvinner og partnar er veldig forsiktige i tida før termin. Dei held seg mest heime og har avstand til andre slik vi alle er tilrådde å gjere frå Folkehelseinstituttet. På den måten kan dei unngå situasjonen at partnaren risikerer å måtte halde seg i karantene heime under fødselen.
 
Ho vil sterkt fraråde å halde tilbake informasjon for å få med partnaren i fødsel dersom retningslinene eigentleg tilseier at hen ikkje kan vere med.
 
– Vi har tillit til at kvinnene og partnarane er ærlege med oss, slik at vi unngår å ta inn personar som utgjer ein smitterisiko på sjukehuset, seier Tofte. 
 

Direktesending er ikkje alltid gjennomførbart

Bladet Sunnhordland omtalte i helga ein fødsel der far måtte halde seg heime grunna symptom på luftvegsinfeksjon. Snarrådige jordmødrer sørga for at fødselen blei sendt direkte på mobilen heim til far.
 
– Det var eit godt eksempel på korleis vi kan leggje til rette for ei best mogleg oppleving når situasjonen er som den er. Samtidig vil vi vere tydelege med at det ikkje er ønskeleg eller mogleg å gjere dette i alle fødslar, seier seksjonsleiar Sidsel Petrine Vetås ved fødeavdelinga på Haugesund sjukehus.
 
– I ein normalfødsel der ein ikkje har grunn til å vente seg komplikasjonar og der andre forhold også ligg til rette, vil det kunne gå an. Men i fødsel kan ting endre seg raskt og situasjonen kan verke skremmande for den som sit heime og ser på. I mange tilfelle vil det nok ikkje vere tilrådeleg å legge til rette for direktesending, i alle fall ikkje av heile fødselen, seier Vetås.
 
Både ho og Tofte er einige om at god dialog med dei komande foreldra er det viktigaste.
 
– Snakk med oss om dykkar tankar og ønsker. Vi vil leggje til rette for ei så trygg og god oppleving som mogleg. Det gjeld anten partnar kan vere med under fødselen eller ikkje, seier dei.

Føde Haugesund - februar 2018 - foto Eirik Dankel_27.jpg

GOD DIALOG: Seksjonsleiar Sidsel Petrine sier god dialog med dei komande foreldra er viktig. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Skal du snart føde og ønsker å snakke med fødeavdelinga om tilrettelegging?


Ring 52 73 23 20 for Haugesund sjukehus eller 53 49 10 70 for Stord sjukehus. Vakthavande jordmor ved Odda sjukehus har telefon 53 65 12 71.