HELSENORGE

I dag blir patologien i Helse Fonna digital

Helse Fonna har vore med på utviklinga av digital patologi for sjukehusa i Helse Vest. No går vi live med det som blir kalla ein revolusjon av fagfolka sjølv. 

– Dette er ein revolusjon for patologi i Helse Vest. Det gir betre kvalitet og høgare effektivitet, og opnar for vidare utvikling av teknologien og faget.

Det seier patolog Marius Bagdonas i Helse Fonna. Han har vore tett på det regionale prosjektet og er nøgd med løysinga som no blir tatt i bruk.

– Vi har fått det slik vi ville ha det. Det er ei stor forbetring for pasientane og for fagfolk, seier han.

Digital patologi - 7-2-2022 - foto Eirik Dankel (6).jpg

KLARE FOR FRAMTIDA: Fagansvarleg ingeniør Berit Skogland og patolog Marius Bagdonas er klare for digital patologi. Skogland har jobba med testing og feilrapportering dei siste vekene. Bagdonas har vore involvert i det regionale prosjektet dei siste åra. Foto: Eirik Dankel.

Raskare svar og lettare samarbeid mellom legar

Digital patologi betyr at alle vevsprøvar no blir scanna og digitalt tilgjengelege. Det er slutt på å sende vevsprøvane med post mellom sjukehus for å få vurdering av ein kollega. Den digitale prøven er tilgjengeleg i systemet kor som helst, når som helst.

– Det gjer det enkelt å konsultere kollegaer, seier Bagdonas.

For patologifaget, som blir stadig meir spesialisert, betyr det også større moglegheiter for subspesialisering, betre samarbeid mellom sjukehus og lettare rekruttering, trur den erfarne patologen. Han kom tilbake til Helse Fonna etter ein periode ved Sørlandet sykehus, mykje på grunn av dette prosjektet.

– Eg ville vere med å gjennomføre digital patologi i Helse Fonna. Eg flytta eigentleg tilbake for å få dette til, smiler han.

– Må ta i bruk kunstig intelligens

Bagdonas viser til at mengden vevsprøvar innan kreftdiagnostikk aukar med 10-15 prosent årleg.

Det vil seie ei dobling på rundt fem år. Utan teknologi og effektivisering er det ikkje mogleg å ta unna, seier han. Digital patologi i Helse Vest er ein føresetnad for den utviklinga.

– På sikt vil kunstig intelligens kunne ta ein hovuddel av jobben. Når alle vevsprøvane blir maskintolka, kan dei sorterast etter alvorlegheitsgrad. Då kan patologen sjå på dei prøvane programmet meiner ser mest alvorlege først. Dette kan utgjere ein viktig framskunding i oppstart av behandling for den enkelte pasient, seier Bagdonas.

Kreftdiagnostikk er ei av hovudoppgåvene til bioingeniørane og patologane ved laboratoriet. Stadig meir persontilpassa kreftmedisin har gjort jobben enno viktigare.

 

Krevjande og gøy

Patologi i Helse Fonna har opplevd store endringar på kort tid. Dei har flytta frå små og utdaterte rom i underetasjen ved Haugesund sjukehus til å få splitter nye lokalar i det nye sjukehusbygget. Meir areal, betre ventilasjon og nytt utstyr opnar nye moglegheiter for faget. Det har også vore ein krevjande periode, seier leiar Bettina Wachholz.

– Krevjande, men gøy. Vi har eit kjempegodt arbeidsmiljø og medarbeidarar med sterk fagleg interesse. Dei har ein sterk motivasjon for endring og utvikling, seier ho.


Helse Vest IKT: –​ Historisk for pasientane våre

– Det er utruleg å få vere med på noko som er så historisk for pasientane våre, seier Kristine Bø.

Ho er prosjektleiar i Helse Vest IKT og for digital patologi i Helse Vest, og har hatt ansvar for å løfte patologiarbeidet ved sjukehusa inn i ein ny, digital verd. Hausten 2021 var ho i Førde, då sentralsjukehuset der feira at dei var det første sjukehuset i regionen som tok i bruk digital patologi. 9. februar tar Helse Fonna og resten av helseføretaka i Helse Vest i bruk den same teknologien. 

– Det betyr at alle sjukehusa i regionen frå no av får umiddelbar tilgang til å vurdere snitt digitalt via dataskjermen, seier Bø. 

Ein overordna gevinst er kortare svartidar og auka pasienttryggleik.

– Eit viktig steg for framtidas diagnostikk, særleg innan kreftområdet, presiserer Bø. 

Milepæl for regionen


Administrerande direktør i Helse Vest IKT, Ole Jørgen Kirkeluten, har følgt spent med på arbeidet som har blitt lagt ned i prosjektet dei siste åra. 

- Dei som har delteke i prosjektet har medverka til å nå ein svært viktig milepæl for Helse Vest og pasientane i regionen, seier han. 

Han framhevar betydinga av digitale samhandlingsmogeligheiter, spesielt sett med dagens auge. 

- Under pandemien har det vist seg å vere viktigare enn nokon gong. Det er i slike konkrete prosjekter som dette vi ser samfunnsnytta i det vi driver med. Eg er stolt på vegne av heile Helse Vest IKT, fortel Kirkeluten. 

Nasjonal innføring i gong

I januar 2020 fekk Helse Vest ansvaret for å lose det nasjonale digitaliseringsprosjektet i hamn. Helse Midt-Norge har allereie tatt i bruk den same teknologien som Helse Vest. Prosessen med å implementere praksisen i Helse Nord og Helse Sør-Øst er også godt i gang. 

– Håpet er at digital patologi skal vere vanleg praksis innan nokre år, seier Bø. 

Grensene mellom landsdelane vil effektivt viskast ut når prøvane kan sendast og tas imot på sekundet.