Høg førekomst av generelle lærevanskar blant inneliggande rusmiddelavhengige

Ein fersk doktorgrad frå Helse Fonna viser at fleire av pasientane trass kontakt med hjelpeapparatet har hatt uoppdaga generelle lærevanskar eller psykisk utviklingshemming sidan dei var barn.

Psykologspesialist Kirsten Braatveit disputerer for doktorgraden 26. oktober med avhandlinga «Psykisk utviklingshemming blant inneliggende rusmiddelavhengige pasienter» (norsk tittel).

– I studien såg vi på eit utval pasientar som var innlagt til rusbehandling og fann ein førekomst av psykisk utviklingshemming på rundt 8 prosent og generelle lærevanskar i grenseområdet på rundt 24 prosent, seier Braatveit.

Til samanlinking er førekomst i befolkinga generelt høvesvis 1 og 13 prosent.

kirsten-braatveit-foto-stina-steingildra-nett.jpg

Ikkje oppdaga trass kontakt med hjelpeapparatet

Dei tre diagnosekriteria pasientane fylte var nedsett intellektuell fungering og nedsette tilpasningsferdigheiter der begge desse var til stades før fylte 18 år. 

– Tilstanden til desse pasientane har ikkje blitt oppdaga då dei var barn, og dei har i stor grad gått udiagnostiserte gjennom rusbehandling som vaksne. Det er interessant at desse pasientane samtidig har hatt meir kontakt med tenester som barnevern, psykologisk pedagogiske tenester og barne- og ungdomspsykiatrien enn dei pasientane som ikkje hadde generelle lærevanskar. Dei har også hatt høgare tilbakefall til rus i behandlingsperioden, seier Braatveit.

– Bør få konsekvensar for tilbodet

 
Doktorkandidaten meiner avhandlinga bør føre til endringar i behandlingstilbodet.

– Vi har undersøkt ein konkret metode for å oppdage moglege generelle vanskar som kan takast i bruk i rusbehandling. Menneske med psykisk utviklingshemming kan trenge tilpassa behandling for rus og psykiske helseutfordringar. Dei kan også trenge andre tenester og buformar etter rusbehandling enn menneske som ikkje har utviklingshemming.

– Å oppdage desse tilstandane gir ikkje berre betre forståing av den enkelte pasient sine utfordringar og behov, men bør også påverke tenesteutviklinga og samarbeidsmodellar mellom helsetenester, meiner Braatveit.
 

Om Kirsten Braatveit 

Kirsten Braatveit disputerer fredag 26.10.2018 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen «Intellectual Disability among in-patients with Substance use Disorders».

Braatveit er utdanna psykolog frå NTNU i 2006 og er godkjent psykologspesialist med fordjuping i rus og avhengigheitspsykologi. Ho har vore tilsett i Helse Fonna sidan 2010 og blei tatt opp til PhD-studiet ved Universitetet i Bergen i 2011.

Last ned pressefoto i høg kvalitet