Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Historisk styremøte i Helse Fonna

19. juni er ein historisk dag i Helse Fonna. Leiaren i Brukarutvalet har fått fast plass ved styrebordet. Samstundes fekk det nyoppretta Ungdomsrådet presentert seg på styremøtet i Haugesund i dag.

Margareth H. Langebro og Eirik Dankel (foto)
Publisert 19.06.2017
Sist oppdatert 01.03.2024
Leiar brukarutvalet, Laila Stensletten. (Foto)
Ungdomsrådet og Brukarutvalet.

Leiaren i Brukarutvalet skal framover delta i framtidige styremøte. Ungdomsrådet har sine faste og jamlege møter kor dei set fokus på ulike saker. Felles for utvalet og rådet er at dei taler med brukarane si røyst.

– Det er viktig for styret i Helse Fonna å få høyre den direkte brukarstemma rundt styrebordet, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Både han og resten av styret er nøgd med dei nye føringane som skal gi brukarane meir tyngde.

Det er leiar i Brukarutvalet, Laila Stensletten, som kan delta i framtidige styremøte. I dag møtte heile Brukarutvalet styret kor dei mellom anna tok opp bruk av ulike medikament for alvorleg sjuke, ventetid for å få svar på enkelte røntgenbilete og korleis Brukarutvalet og Ungdomsrådet skal nyttast. Sakene blei lytta til og svara på av både administrerande direktør og styret.

Solveig Eline Mathiassen og Elise Fredriksen i ungdomsrådet. (Foto)

Solveig Eline Mathiassen og Elise Fredriksen i ungdomsrådet.

Pasientbehandling

Stadig fleire pasientar blir utskriven til kommunane når sjukehusbehandling er avslutta. Det er eit godt samarbeid mellom kommunane og sjukehusa for å sikre god behandling på rett nivå til den enkelte pasient.

Tidlegare har særs mange pasientar måtte vente på kommunalt tilbod, i mai var det 35 pasientar som låg til saman 82 døgn i sjukehus i påvente av kommunalt tilbod. Det er det lågaste talet så langt i år.

– Det er gledeleg at pasientar som er ferdig behandla får raskare kommunalt tilbod slik at dei slepp å ligge i sjukehus, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Han er takknemleg for det gode samarbeidet med kommunane som er til beste for pasient. Tidlegare har det òg vore arbeidd med tiltak for å auke bruken av dei kommunale augeblikkeleg hjelp-sengene. Dette er eit tilbod pasientane er særs godt nøgde med.

 

Høg aktivitet

Det har i mai vore høg aktivitet både på poliklinikkar og sengepostar på sjukehusa i Helse Fonna. Diverre var heile fire prosent av sengedøgna innan somatikk på korridor. Dette er sett i verk eit arbeid for å redusere talet på korridorpasientar.

Det var i mai i snitt 59 dagar ventetid for alle behandla pasientar. Dette er under målkravet. Det er utfrodringar knytt til fristbrot i føretaket. Klinikkdirektøren på Stord sjukehus gjorde i dag greie for tiltak for å redusere dette talet. I mai er det 60 pasientar på Stord og i Haugesund som ikkje har fått behandling innan den fristen som er sett, det er venta at dette talet vil bli redusert.

– Styret har ei klar forventning om at dette talet blir kraftig redusert til neste rapportering i september, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Styret påpeikar at dei vil fylgje denne saka nøye i tida som kjem. Kravet til helseføretaket er null fristbrot.

Helse Fonna hadde i mai månad eit overskot på 1,2 millionar høgare enn budsjett, hittil i år er overskotet på 16 millionar kroner. Sjukefråveret i føretaket har gått ned og er no på seks prosent.