Historisk signering i Helse Fonna

Administrerande direktør Olav Klausen kunne i dag signere kontrakt på vegne av Helse Fonna for bygging av nytt sjukehusbygg i Haugesund med Veidekke Entreprenør AS. Det var i etterkant av dagens styremøte i Helse Fonna den historiske signeringa fant stad.

Administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna signerte i dag milliardkontrakten for bygging av nytt sjukehusbygg i Haugesund. Konserndirektør Hans Olav Sørli i Veidekke Entreprenør AS takkar for tilliten. På nyåret startar byggearbeidet.

Avtalen har milliardverdi og skal sikre at eit flunkende nytt sjukehusbygg står ferdig og innflyttingsklart til sommaren i 2021. Veidekke Entreprenør AS ved konserndirektør Hans Olav Sørli takka for tilliten og sa at dei startar arbeidet på nyåret. Dei vil nytte mykje lokal kompetanse til oppdraget. Entreprenøren har erfaring med å bygge både store og kompliserte bygg.

Signeringa skjedde samtidig som salve nummer 82 er gått av i arbeidet med å tilrettelegge tomta for nytt sjukehusbygg.

 


Det nye sjukehusbygget i Haugesund er på 18 000 kvadratmeter fordelt på sju etasjar. Pasientar og pårørande vil oppleve eit nytt sjukehusbygg med nye og moderne avdelingar. Det blir mellom anna nytt felles akuttmottak for fysisk og psykisk sjuke, nye operasjonsstover, ny fødeavdeling og nytt topp moderne laboratorium. I tillegg skal det byggast intensiveining og observasjonspost.


Pasientane skal også ta i bruk ny avdeling for hjarte- og lungemedisin og avdeling for eldremedisin.

Etter at det nye bygget står ferdig i 2021 skal meir enn 6000 kvadratmeter av dagens sjukehusbygg i Haugesund utbetrast og rehabiliterast. Heile byggetrinnet med nytt sjukehusbygg, ombygging og oppgradering av dagens sjukehus skal stå ferdig i 2023.


F.v.: Hans Olav Sørli, konserndirektør Veidekke Bygg Norge, Are Westbye, regionsdirektør, Birte Almeland, direktør forretningsområde Vest, Lars Vestvik, prosjektleder, Ove Nedrebø, distriktsleder Haugesund, Olav Klausen, administrerande direktør Helse Fonna, Laila Nemeth, prosjektdirektør Helse Fonna og Bernt Bjordal, prosjektleiar Helse Fonna.