Historisk høgt investeringsnivå i Helse Fonna

Helse Fonna skal investere for vel 767,2 millionar kroner neste år. Det er eit historisk høgt investeringsnivå. Hovudtyngda går til nytt sjukehusbygg i Haugesund, men mange millionar går til oppgradering av bygningar og nytt medisinsk utstyr i heile føretaket.

– Det er viktig at vi kontinuerleg klarer å utvikle og modernisere sjukehusa våre til beste for pasientane. Vi haustar nå effekt av at vi tidlegare år har klart å sette av pengar på bok. Det har gitt grunnlag og handlingsrom for lån til nye investeringar, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna.

I august 2021 blir det innflytting i nytt sjukehusbygg i Haugesund. Då er mellom anna nye operasjonsstover, fødeeining, felles akuttmottak for fysisk og psykisk sjuke og eit topp moderne heilautomatisert laboratorium klare for drift og bruk i framtidas pasientbehandling.

På Stord vil arbeidet med brannsikring halde fram. Infrastrukturen for IKT skal oppgraderast og det vil bli investert i nytt dialyseutstyr. I Odda skal det kjøpast inn nye operasjonsbord og sjukehuset skal oppgradere røntgenutstyret. Det vil bli kjøpt inn tre nye ambulansar og det er sett av pengar til prioriterte tiltak i føretaket sin overordna HMS-plan.

Framleis stram økonomi

Det vil også i 2020 bli stram økonomisk drift i sjukehusa. Eit omfattande endrings- og forbetringsarbeid er i gang for å tilpasse bemanninga i sjukehusavdelingane til dei rammene ein har.  Helse Fonna har ei økonomisk utfordring på 50 millionar kroner i 2020. Dette har bakgrunn i endring i inntektene, auka resultatkrav og ei auke i bruk av mellom anna behandlingshjelpemidlar og i kostnadar til IKT.

– 2020 blir eit stramt år i sjukehusa våre. For styret i Helse Fonna er det viktig at det blir arbeidd kontinuerleg med forbetring, seier Svendsen. Han er nøgd med at det er sett i verk tiltak for å redusere talet på korridorpasientar mellom anna ved hjelp av betre samhandlinga mellom avdelingar, sjukehus og kommunar. Svendsen peikar òg på at kreftpasientar i pakkeforløp framleis har høg prioritet. Dette fører til at pasientar i behov av mindre og ikkje akutte inngrep kan oppleve auka ventetida i 2020.

Eit styrka psykisk helsevern

Innan psykisk helsevern vil dei polikliniske og ambulante tenestene ved dei distriktspsykiatriske sentra (DPS) bli styrka. Det same gjeld arbeidet med psykisk helse for barn og unge (BUP). I tråd med sentrale føringar skal tilbodet innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) utviklast. Satsinga vil føre til at fleire legar kan bli utdanna innan den nye russpesialiteten. Samstundes vil legedekninga styrkast ved både DPS og BUP.

Slutt på penn og papir

Det vil denne veka bli innført ein ny del av datasystem knytt til lager, innkjøp, budsjett, rekneskap og avtalar i Helse Fonna.  Føretaket får kvart år 40 000 inngåande fakturaer. Frå sundag av skal alle bestillingar vere elektroniske, det er slutt på bruk av penn og papir når det skal kjøpast inn varer til sjukehusa. Det er gitt opplæring til medarbeidarar i alle sjukehusa for å bestille varer på riktig måte.

Omlegginga vil føre til risiko for at varer ikkje blir bestilt og/eller betalt på riktig måte.

– Dette er eit stort og krevjande arbeid, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Han påpeikar at omlegginga skal føre til at føretaket får meir effektiv drift av støttetenestene slik at pengane i auka grad kan gå til pasientbehandling.


Delte ut Kvalitetsprisen 2019

I styremøtet blei Helse Fonna sin kvalitetspris for 2019 delt ut. Vinnaren var BUP Stord som har halvert utgreiingstida for autismespekterforstyrringar. 


Vinnarar av Kvalitetsprisen 2019. (Foto)

PRISVINNARAR: Funksjonsleiar Siv Merete Handeland, psykologspesialist Ester Espeset og seksjonsleiar Håvard Wester Breistein kunne i dag ta i mot Kvalitetsprisen 2019 på vegner av BUP Stord. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna