Her er nye ambulansebåten - Rosedoktoren

Måndag 1. april kl. 11 overtok Helse Fonna den heilt nye og moderne ambulansebåten som har fått namnet Rosedoktoren.

Ambulansebåt (Foto)

Dette er kanskje den mest funksjonelle ambulansebåten som er bygd i Noreg, og er framtidsretta når det gjeld pasientbehandling, universell utforming og HMS.

Kravspesifikasjonen som låg til grunn er utarbeidd av Helse Fonna etter erfaring gjennom mange års drift av ambulansebåt.

Rosedoktoren skal vere stasjonert på Sunde, og hovudtyngda av ambulanseoppdraga vil vere i Sunnhordlandsbassenget.

Båten er klassa til fartsområde 4 og vil dermed kunne gå til for eksempel Espevær og Bergen ved behov.

Helse Fonna sin ambulansebåt er med rundt 1400 årlege turar den båten med flest ambulanseoppdrag i landet.

Ambulansebåt (Foto)

Inni ambulansebåten er det same akuttmedisinske utstyr som i ein ambulansebil, men betre kapasitet.

Om Rosedoktoren

  • Båten er spesialbygd til ambulanseverksemd, og har same akuttmedisinske utstyr som ein ambulansebil, men betre kapasitet
  • Rosedoktoren går primært ambulanseoppdrag, men tar også noko ordinær pasienttransport.
  • Den nye båten er ein katamaran med to skrog, som gjer at den går rolegare i sjøen. I kravspesifikasjonen er det vektlagt HMS, støy og komfort
  • Når båten går ut på ambulanseoppdrag har den med skipper, motormann og to ambulansearbeidarar frå Helse Fonna
  • Helse Fonna har utarbeidd konkurransegrunnlaget som Gulen Skyss har bygd båten etter. Helse Fonna har inngått ein avtale med Gulen Skyss på 6+2+2 år
  • Ambulansebåten har moderne Euro6-motorar med nyaste teknologi med tanke på å redusere utslepp

Ambulansebåt (Foto)

Dei fleste turane til båten er i Sunnhordlandsbassenget.