Helse Vest har godkjent vidare utbygging

Styret i Helse Vest støttar vidare utbygging av Haugesund sjukehus mot aust, og rår til prosjektet, med føresetnad at det vert gjeve lån på statsbudsjettet.

Opphaveleg var oppstart av byggjetrinn 2 planlagt i 2030. Dei økonomiske føresetnadene som låg til grunn for denne planen har seinare endra seg. Koronapandemien har tydeleg vist at føretaket må ha betre løysingar og kapasitet til å etablere kohortavdelingar og isolat ved omfattande epidemiar. Det har sidan i mars vore naudsynt å etablere eigne kohorteiningar og alternativt pandemimottak i føretaket.

Alternativ Øst Illustrasjon.jpg

AustalternativetDet er tre alternativ som har vore vurderte: Utbygging mot nord, mot aust, eller det såkalla nullalternativet, som inneber ei ombygging av dagens bygningsmasse. Slik ser skissene for austalternativet - mot Karmsundsgata - ut.


 - Dette har gitt store utfordringar for anna drift, spesielt ved Haugesund sjukehus. Her er det på sengepostane i M-blokka fleire 4- og 2-sengsrom som gir utfordringar ved isolasjon av pasientar og behov for einerom av andre årsaker. Det fører også til mange korridorpasientar. Ved sengepostane i M-blokka er det felles bad og dårlege løysningar med omsyn til hygiene og kvalitet på opphaldet. Ombygging av sengerom i dagleg drift er svært vanskeleg å få til, heiter det i saka, som var oppe til behandling i Helse Vest-styret den 9. desember.

 

Betre likviditet

Oppdatert framskriving syner at talet på pasientar som treng medikamentell kreftbehandling og infeksjonsbehandling med senger og isolat vil auka fram mot 2040. I tillegg vil det bli større behov for kapasitet for dialyse, dagbehandling og poliklinikk.

- Helse Vest RHF tar sikte på at Helse Fonna vil bli tilført likviditet på 294 millionar kroner i 2023. Med kapitaltilskotet som skal nyttast til å betale ned eksisterande lån, vil dei årlege rentene og avdraga bli lågare. Helse Fonna får såleis auka det årlege likviditetsoverskotet, noko som styrkjer finansieringsgrunnlaget. I økonomisk langtidsplan vedtatt i mai 2020 er det funne moglegheit for å finansiere eit nybygg i byggetrinn 2 på inntil 1 milliard kroner (lån og eigenkapital) med byggjestart i 2023. Dette vil òg gje betre investeringsevne for å vedlikehalde og oppgradere dei andre sjukehusa og bygningane i føretaket. Vedteken reguleringsplan tar høgde for vidare utbygging av Haugesund sjukehus både mot nord eller aust, heiter det i sakutgreiinga.

 

Statleg støtte

Adm. dir. Olav Klausen i Helse Fonna er glad for at styret i Helse Vest RHF har gjeve klarsignal for å jobbe vidare med neste byggjetrinn.

- Om Helse Fonna får lån på statsbudsjettet for 2022 skal vi vere klare til å starte forprosjektet same år og starte bygging i 2023, seier Klausen.