Helse Fonna vil framskunda neste byggjetrinn

Styret i Helse Fonna gjev klarsignal til å jobba mot å framskunda neste byggjetrinn ved Haugesunds sjukehus med heile sju år. Målet er oppstart i 2023.

Det er fleire grunnar til at Helse Fonna ønskjer å framskunda byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus, som opprinneleg skulle setjast i gang i 2030. No er målet å komma i gang alt i 2023, og budsjettramma er 1 milliard kroner.

 

«Pillefabrikk»

Helse Vest har gjeve signal om at Helse Fonna vil bli tilført 294 millionar kroner i likviditet i 2023. Med kapitaltilskotet, som vil bli brukt til å betala ned eksisterande lån, vil dei årlege rentene og avdraga bli lågare. Helse Fonna får auka det årlege likviditetsoverskotet, noko som styrkjar finansieringsgrunnlaget. Dette bidreg til at byggjetrinn 2 kan starta sju år tidlegare enn planlagt, dersom investeringa kjem innafor budsjettramma.

- Det er fleire grunnar til at dette kjem opp. Det har kome førespurnad om Helse Fonna kan vurdere å huse eindosefabrikk for medikament for heile Helse Vest. For å finne gode framtidsretta lokale til dette må ein tenke framover, slik at ein ikkje legg dyre funksjonar på ein slik måte at dei blokkerer for gode og effektive sjukehusløysingar. I tillegg viser oppdatert framskriving at talet på pasientar med behov for medikamentell kreftbehandling og infeksjonsbehandling med senger og isolat vil vere kraftig aukande fram mot 2040. Den pågåande koronapandemien har òg vist et behov for betre løysingar og kapasitet med omsyn til kohortavdelingar og isolat, opplyste adm. dir. Olav Klausen i si orientering til styret. Han viste i tillegg til at Helse Fonna har mange bygningar med varierande tilstandsgrad, der dei største utfordringane er ved Haugesund sjukehus.

 

Nybygg i rute

Trass i ei rekkje koronatiltak på byggjeplassen, er byggjetrinn 1 i rute både med omsyn til kvalitet, framdrift og økonomi. Planlagt innflytting er i august 2021. Når nybygget er ferdig startar ombygging av fråflytta areal i eksisterande bygg. Det er planlagt ombygging av over 8.000 kvadratmeter med felles hjerte- og lungeavdeling, ny eldremedisinsk avdeling, nyfødt intensiv avdeling, intervensjonslaboratorie for radiologi, nytt sentrallager og nye lokale for behandlingshjelpemiddel. Resten av sengepostar og poliklinikkar skal ivaretakast i byggjetrinn 2.

Styret har gjeve klarsignal til at det blir gjort ei revidering av konseptfaserapporten frå 2016 for å sjå på moglegheitene for å framskunde start av byggetrinn 2. Bygg mot nord, bygg mot aust og 0-alternativet vil bli evaluert med bakgrunn i denne rapporten. Så vil oppdatert konseptrapport bli lagt fram for styret i Helse Fonna HF med tilråding av val, ein gong i haust. Om styret i Helse Fonna HF vedtek å gå vidare med planane, vil revidert konseptfaserapport bli sendt til Helse Vest RHF. Om Helse Vest RHF gir si tilslutning, vil revidert konseptrapport kunne gi grunnlag for å søkje lån på statsbudsjettet for 2022. Etter dette vil ein kunne starte arbeidet med eit forprosjekt og eventuell byggestart i 2023. Eit samla styre var nøgde med planane.

- Veldig interessant og flott at ein er så offensiv. Eg er glad for prosjektet og dei strategiske vurderingane som er gjort. Det er behov for framleis utbygging, og at vi no kan få høve til å framskunda dette prosjektet er svært positivt for Haugesund sjukehus, kommenterte Helge Espelid, som er overlege ved Haugesund sjukehus, og ein av fire styremedlemmer som er vald av dei tilsette.

Styreleiar Per Bjørn Habbestad oppsummerte saka slik:

- Eg hadde ikkje sett føre meg at det første store vedtaket i dette styret var å forsera ei milliardutbygging med fleire år då eg sa ja til å verta styreleiar. I utgangspunktet er eg ein konservativ person i høve til kommersielle vurderingar, men etter å ha lest saka og argumenta, så synest eg at dette prosjektet har mange spennande verdiar i seg, og vi har vedteke eit økonomisk langtidsprosjekt som gjer dette mogeleg. Difor er det gildt for meg å få vera med i bidra til eit positivt vedtak, sa Habbestad.

 

Stort underskot

Første halvår 2020 har vore ei uvanleg tid for alle, grunna koronaviruset. For Helse Fonna sin del har det ført til utslag på fleire område: Økonomisk synte mai eit underskot på 8,2 millionar kroner, og så langt i år er underskotet på 79,9 millionar, mot eit budsjettert overskot på 16,7 mill. kr.

Mykje av underskotet skuldast koronatiltaka, som vil bli kompensert, men ein veit truleg ikkje før mot slutten av året kor stor heile kompenasjonen blir. Helse Fonna held på ein prognose for årsresultatet på 40 millionar kroner.

- Dette gjer vi ut frå dei signal vi har fått frå sentrale styresmakter og Helse Vest. Elles må vi, som næringslivet elles, rekna med å slita med effektane frå Covid 19 lenge, iallfall ut året, seier Habbestad.

 

Lenger ventetid

Aktiviteten i høve til pasientbehandling har gått kraftig ned, som følgje av koronaberedskapen, men er no i ferd med å nå normalen att. Men framleis slit ein med etterslepet, og i mai var aktiviteten målt i talet på innleggingar, dagbehandling og poliklinikk monaleg lågare enn planlagt.

Også ventetida har gått opp. Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 68 dagar. Eigarkravet er under 50 dagar innan 2021. 592 pasientar på ventelistene har ikkje fått time på fristen som er sett.

- Pandemien førte til at føretaket snudde seg rundt, reduserte aktivitet og hadde fokus på smittevern og trygg behandling for dei pasientane som måtte ha rask behandling. Medarbeidarane i føretaket har gjort ein enorm innsats på å endre seg og for å handtere den utfordringa vi møtte i mars. Vi vil nok gjennom sommaren ikkje klare å ta igjen alt. Helse Fonna gjer likevel no det vi kan for å få opp aktiviteten på normalt nivå slik at pasientar kan få time og behandling til rett tid, opplyser Olav Klausen.

Fleire av styremedlemmene uttrykte at dei var nøgde med korleis administrasjonen og dei tilsette har takla koronapandemien.

- Eg synest det er gjort ein svært god jobb i denne perioden, og Helse Fonna ligg på same aktivitetsnivå som mange andre helseføretak i Norge. Dei strenge smitteverntiltaka gjer at det ikkje er så lett å komme opp på normal aktivitet att. Det er viktig at medarbeidarane no får seg ein skikkeleg og velfortent sommarferie, slik at ein er i stand til å ta imot neste bølgje av Covid 19-pasientar, når og om ho kjem, kommenterte styremedlem Anne Sissel Faugstad, som sit i fleire styre i helseføretak rundt om i landet.