Helse Fonna vaksinerer 1200 nye medarbeidarar

Helse Fonna har fått ny vaksineleveranse og startar vaksinering av 1200 nye medarbeidarar i veke 7 og 8. Innan slutten av mai vil dermed nær 50 prosent av medarbeidarane i Helse Fonna vere fullvaksinerte mot koronavirus.

​– Vi er utolmodige etter å få vaksinert alle medarbeidarar i Helse Fonna. Derfor er veldig bra at vi nå har fått ein ny leveranse. Prioriteringa av kven som skal få vaksine først har vore vanskeleg, så jo fleire dosar vi får, jo betre er det.

Det seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna. Han legg til at det er dei same føringane som ligg til grunn for prioriteringane som i førre runde:

– Oppdraget vårt er å sikre er å sikre kapasitet i spesialisthelsetenesta slik at sjukehusa kan oppretthalde kritiske funksjonar og ta imot både covid-19-pasientar og alle andre pasientar som har behov for sjukehustenester. Dette ligg til grunn for føringane vi har fått om korleis vi skal prioritere vaksine til helsepersonell.

Utekontor-2-9-2020-foto-Magne-Kydland_2.jpg

VIL VAKSINERE FLEIRE: Administrerande direktør Olav Klausen er utolmodig etter å få vaksinert alle medarbeidarar i Helse Fonna. Med ny leveranse med vaksine til 1200 nye medarbeidarar er vi på god veg. Her saman med funksjonsleiar for akuttmottaket Tina D. Nilsen under eit besøk ved Stord sjukehus i haust. Foto: Magne Kydland

Vaksine frå AstraZeneca

– Vaksinen vi får denne gong er frå AstraZeneca. Fordelen med denne vaksinen er først og fremst at den ikkje treng oppbevaring i ultrafrysar, noko som gjer logistikken enklare. Vi såg kor godt vaksinasjonsteama jobba i første runde, så eg er trygg på at også denne runden skal gå bra og vere godt organisert, seier avdelingsleiar i BHT/HMS og leiar av vaksinasjonsutvalet Åsa Eldøy.

Denne vaksinen skal også gis i to dosar til kvar person, men intervallet er lenger enn for vaksinen frå Pfizer og BioNTech. Det skal gå 9-12 veker mellom første og andre dose. Kjente og vanlege biverknadar er som for andre vaksiner; smerte på stikkstaden, hovudpine, trøyttleikskjensle, muskel- og leddsmerter, frysningar, kvalme og feber.

Nær 50 prosent vaksinasjonsdekning innan mai

I første vaksinasjonsrunde blei rundt 700 medarbeidarar i Helse Fonna vaksinerte. Det gir ein vaksinasjonsgrad på nær 18 prosent. Når dei neste 1200 medarbeidarane er ferdig vaksinerte, vil Helse Fonna ha ein vaksinasjonsgrad på 48 prosent.

– Det er viktig å minne om at full effekt av vaksinen ikkje kjem før to veker etter andre dose er sett. Det gjeld for både vaksinen frå Pfizer BioNTech og frå Astra Zeneca, seier Åsa Eldøy.

Dei medarbeidarane i Helse Fonna som blei vaksinerte først vil oppnå full effekt i starten av mars, medan dei 1200 neste vil oppnå full effekt av vaksinen i slutten av mai, litt avhengig av når vaksine nummer to blir sett.


Smittevern framleis det viktigaste

Sjølv om stadig fleire medarbeidarar no blir vaksinerte, minner Olav Klausen om at smittevern framleis er viktig.

– Det er uklart i kva grad vaksinane beskyttar mot smitteoverføring. Det blir derfor framleis like viktig å ha godt smittevern gjennom å halde seg heime ved sjukdom, halde avstand til andre, ha god handhygiene og følgje dei smittevernreglar som gjeld i dei ulike situasjonane, seier Klausen.

Vaskine covid-19 - foto Eirik Dankel_15-crop.jpg

BLANT DEI FØRSTE: Sjukepleiar i akuttmottaket Marie Kristine Kolstø under første vaksinasjonsrunde. Intensivsjukepleiar Anne-Marit Skogheim var med i vaksinasjonsteamet. Foto: Eirik Dankel