Helse Fonna treng fleire sommarvikarar

Siren Robberstad og Lene Ottesen er to av over 200 sommarvikarar i Helse Fonna. Dei nøler ikkje med å tilrå andre studentar å søkje sommarjobb på sjukehus.

Lene Ottesen og Siren Robberstad - foto Magne Kydland (2).jpg

Trufaste vikarar: Siren Robberstad (t.v.) og Lene Ottesen nøler ikkje med å anbefale studentar å søkje sommarjobb i Helse Fonna. Foto: Magne Kydland


Sjukepleiarstudent Lene Ottesen (23) hadde sin første sommarjobb i Helse Fonna i fjor sommar, og ho gler seg til å komme tilbake att til sommaren.

- Det vart jo spesielt i fjor, grunna pandemien, men det var både kjekt og lærerikt, og eg var aldri i tvil om at eg skulle søkje sommarjobb att i år. Det er eit godt system, miljøet er bra, og ein får god opplæring, seier Ottesen, som håpar å få jobbe på Stord sjukehus kvar sommar til ho er ferdig utdanna.

- Kan du rå andre til å søkje sommarjobb i Helse Fonna?

- Ja, det kan eg, og det har eg alt gjort! seier Ottesen, og får støtte frå Siren Robberstad, som har vore sommarvikar i heile fire somrar. Ho studerer medisin i Polen, og ser fram til å jobbe som vikar også til sommaren, denne gongen som turnuslege-vikar.

Lene Ottesen og Siren Robberstad - foto Magne Kydland (3).jpg

Smittevern: Sommaren 2020 vart litt annleis enn Lene Ottesen (t.v.) og Siren Robberstad hadde sett føre seg. Dei fekk god trening i å ta på og av smittevernutstyr. Foto: Magne Kydland


- Eg er glad for å ha ein fot innanfor på mitt lokalsjukehus. Eg håpar på sikt at eg kan få fast jobb her. Fordelen med å jobbe på eit lite sjukehus er at ein kjem borti det aller meste. Det er dyktige folk som jobbar her, og som tek seg til til å hjelpe. Eg har vakse veldig på dei somrane eg har jobba her, seier 24-åringen.

 

Mange ulike fag

Helse Fonna søkjer i desse dagar etter sommarvikarar på alle sine sjukehus. Og som regionens største arbeidsgjevar, er det også behov for mange ferievikarar.

I lønssystemet i fjor var det registrert 234 ferievikarar. Men utanom utlyste stillingar, er det mange studentar, slik som Robberstad og Ottesen, som har hatt, eller har, deltidsstillingar. Til dømes helsefagstudentar som har faste helgestillingar ved ein sengepost, som har utvida stilling no om sommaren. Eller pensjonistar, som kjem tilbake og jobbar om sommaren, på same avdeling dei har jobba tidlegare. Desse kjem utanom, slik at ein totalt må rekna med mellom 250 og 300 vikarar som skal til for å få sommarkabalen til å gå opp i Helse Fonna.

Haugesund sjukehus.jpg

Sommarjobb: Haugesund sjukehus er ein av dei arbeidsplassane i regionen som tilbyr flest sommarvikarar. Foto: Eirik Dankel


Og her snakkar ein ikkje berre om legar og sjukepleiarar. Her trengst alle kategoriar: Reinhaldarar, teknisk personell, portørar, helsefagarbeidarar, ambulansearbeidarar, radiografar, bioingeniørar, kantinemedarbeidarar og sekretærar. Alle er like viktige for at Helse Fonna skal ha eit godt og forsvarleg tilbod også om sommaren.

 

Færre søkjarar

Dei fleste vikarane er lokale folk. Men det er også ein del vikarar frå andre land, særleg nabolanda, men somme tider må ein henta inn vikarar frå lenger sør eller aust i Europa.

I år har ikkje søkjarbunka vore like høg som tidlegare, difor håpar HR-direktør Helga Stautland Onarheim at fleire søkjer sommarjobb.

- Eg veit ikkje kva som er årsaka til det, men ein av grunnane kan vere at vi grunna pandemien ikkje har fått høve til å møte studentane på same måte som før. Vi har vore med på nokre digitale arrangement, men har ikkje fått høve til å delta og presentere oss på utdanningsmesser eller høgskular, forklarar Onarheim. Samtidig har bodskapen vore at vi ikkje skal reise unødig i desse koronatider, så kanskje nokon tenker at dei ikkje vil flytte på seg grunna usikre tider, legg ho til.

Alle vikarstillingane blir lyste ut på helse-fonna.no og NAV sine sider. Nokre annonser blir også publiserte på finn.no, i fagtidsskrift og i lokalaviser. Og i tillegg brukar ein ulike vikarbyrå, særleg for å rekruttera legar, spesialsjukepleiarar og jordmødrer.

 Helga - nett.jpg

På vikarjakt: HR-direktør Helga Stautland Onarheim håpar fleire vil søkje sommarjobb i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel