HELSENORGE

Helse Fonna-tilsette smitta av covid-19

Fleire medarbeidarar ved Haugesund sjukehus har fått påvist covid-19, noko som kan gje utfordringar i drifta.

Fleire medarbeidarar ved Haugesund sjukehus har dei siste dagane fått påvist covid-19, noko som fører til omfattande smittesporing blant pasientar og tilsette. 

–​ Førebels er det snakk om fire medarbeidarar med tilknyting til ei avdeling som er smitta. Vi har framleis normal drift, men dersom fleire får påvist smitte, kan det bli ei utfordring med bemanninga, opplyser klinikkdirektør John Conrad Brandsø i Medisinsk klinikk Haugesund og Odda.

john-conrad-brandsø-foto-stina-steingildra-2.jpg

Høgt fråvær: Klinikkdirektør John Conrad Brandsø opplyser at enkelte avdelingar no er råka av høgt sjukefråvær, men førebels går drifta som normalt ved Haugesund sjukehus. Foto: Stina Steingildra


Det har også vore høgt sjukefråvær siste tida som følgje av andre virussjukdommar.

I tillegg er ein tilsett i ambulansetenesta smitta. Også her pågår smittesporing.

I førre veke var ein medarbeidar ved Stord sjukehus koronasmitta. Her har det ikkje blitt meldt om fleire positive prøvar.


Auka beredskap​

Det er i dag seks pasientar med covid-19 i Helse Fonna. Alle ligg på Haugesund sjukehus.

Aukande smitte i regionen, kombinert med høgt fråvær blant personalet og høgt press på enkelte avdelingar, gjer at Helse Fonna før helga gjekk over til grøn beredskap. Det betyr at helseføretaket førebur seg på auke i talet på pasientar med covid-19 dei kommande dagane og vekene.

Sist gong det var like mange pasientar inne med covid-19 var i midten av april.​


Møt opp til timen din

Helse Fonna oppmodar alle som har time på sjukehusa om å møte som normalt, men følgje gjeldande rutinar om å ta kontakt før timen dersom ein mistenker at ein kan vere smitta.

I tillegg ber helseføretaket folk om å unngå besøk til innlagte pasientar med mindre det er nødvendig. Dette er for å redusere risikoen for smitte i sjukehusa. ​