Helse Fonna strammar inn besøksreglane

Pårørande som har vore i utlandet får ikkje komme på sjukehusbesøk før etter ti dagar.

Helse Fonna har denne veka innskjerpa rutinane for besøk, og pårørande som kjem på besøk blir no spurde om dei har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane.

Innstramminga gjeld alle land, også Norden.

- Helse Fonna vil så langt som mogeleg leggje til rette for besøk til pasient innlagt i sjukehus under koronapandemien. Den enkelte sitt behov for besøk må vurderast opp mot risiko for smittespreiing og risikofaktorar hos den enkelte. Samstundes skal det oppretthaldast godt smittevern. Alle besøkande skal få spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk. Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk, heiter det i dei oppdaterte prosedyrane til Helse Fonna.

 Ny inngang - juni 2014 - foto Eirik Dankel - nett - 4.jpg

Vi vil difor minne om nokre enkle, men viktige punkt:

* Alle besøkande får spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.

* Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.

* Pasientar med uavklart covid 19 skal ikkje ha besøk.

* Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.

* Besøkande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Dei må informerast om å halde 1 meter avstand.

* 1 besøkande per pasient

* Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom

* Besøk inntil 1 time på enkeltrom

* Unntak kan gjerast dersom det er strengt nødvendig.

besøksreglar-Sara Elin Tyse Heidi Solvoll.jpg

BesøkskontrollSara Elin Tyse og Heidi Solvoll (bak) i skranken på Stord sjukehus har mange spørsmål til alle som kjem på besøk. No spør dei også om pårørande har vore i utlandet dei siste ti dagane. Foto: Magne Kydland

koronarestriksjonar-skjerm.jpg

plakat-utgangsdør.jpg