Helse Fonna startar «heimesjukehus» for nyfødde

På nyføddintensiv får for tidleg fødde og sjuke babyar behandling og pleie. No skal dei friskaste ungane få vere heime hos foreldra og få sjukehustenester på døra.

nyfødd-25-foto-stina-steingildra-3-small.jpg

Klare for oppstart: Frå venstre funksjonsleiar Mette Erdal og seksjonsleiar Tove Elise Johansen. Foto: Stina Steingildra

– Mange av dei små pasientane våre har behov for oppfølging også etter at tilstanden deira har stabilisert seg. Denne perioden plar foreldra og barnet vere på sjukehus, men no vil fleire familiar kunne reise heim i staden.

Det seier funksjonsleiar ved nyføddintensiv Mette Erdal.

– Det tar på å vere innlagt på sjukehus, og for mange foreldre er det godt å få kome heim til eige hus og ha familien rundt seg. Stressnivået går ned og foreldra kan få meir ro til å knytte seg til barnet, seier Erdal.

Desse babyane kan få tilbod om sjukehus heim

NAST (nyfødd intensiv ambulerande sjukepleieteneste) er eit frivillig tilbod. Grunnpremisset er at den nyfødde har ein gestasjonsalder (den alderen barnet skulle hatt om det var fødd til termin) på 35 veker og er medisinsk stabilt. Elles kan tilstandane handle om:

  • Behov for sondemating eller tett oppfølging av vektutvikling
  • Spesielle behov, men ikkje behov for overvaking
  • Behov for langvarig overvåking, feks hjartebarn, der foreldra er trygge på å reise heim med metningsovervaking.

Frivillig tilbod

Ho legg vekt på at tilbodet er frivillig og at dei som ønskjer å få behandling og pleie på nyføddintensiven skal få det.

– Dei sjukehusa som har hatt dette tilbodet ei stund, ser at fleire mødrer klarar å amme barnet, at liggedøgn på sjukehus går ned og at dei kan bruke ressursane på dei sjukaste som må vere innlagt og ikkje kan nytte seg av eit slikt tilbod.

IMG_8900-liten.jpg

Samarbeid med Stavanger universitetssjukehus

Familiane som kan nytte seg av NAST vil tre gonger i veka få besøk heim av sjukepleiar. Då kan dei få hjelp med mating, veging og anna oppfølging av barnet.

Erdal og kollegene har førebudd oppstarten godt og gler seg til å komme i gang. Dei takkar særleg fagmiljøet ved Stavanger universitetssjukehus for god hjelp i planlegginga.

–  Dei har delt alt dei har av erfaringar og prosedyrer. Vi set stor pris på godt samarbeid på tvers av sjukehusa, og målet er at det skal kome dei små pasientane våre tilgode, seier Erdal.

Helse Vest har gitt prosjektmidlar til nyføddintensiven for oppstart av NAST.