– Ordninga med frivillig arbeid skal vere eit supplement til det profesjonelle daglege arbeidet i sjukehuset, seier HR-direktør Helga Stautland Onarheim i Helse Fonna.
Sjå annonsa og søk innan 29. mars
Unik moglegheit
– Vi søkjer no etter ein koordinator som skal ha ansvaret for å etablere og drifte den frivillige tenesta i sjukehuset. For den rette personen er dette ein unik moglegheit til å vere med på å bygge opp denne tenesta, seier ho.
HR-direktøren fortel at dei frivillige skal vere ein tilleggsressurs med tydeleg avgrensa oppgåver. Først og fremst skal frivilligarbeidet ha som mål å gi god service til pasientar gjennom tilrettelegging og kontaktskapande arbeid. Éi av oppgåvene til frivilligkoordinatoren vil vere nettopp å definere og koordinere oppgåver dei frivillige skal ha.
Vektlegg personlege eigenskapar
– I tilsettinga vil vi vektlegge dei personlege eigenskapane og kvalifikasjonane for å kunne bygge opp og organisere ei solid frivilligteneste; evne til å bygge gode relasjonar, vere tydelig og løysingsfokusert og ha kunnskap om kva som skal til for å lykkast med ordninga, seier Stautland Onarheim.
Stillinga er organisert i HR-området som har ansvar for fagområda personal og organisasjon, kompetanse og utdanning, bemanningsløysingar, bemanningssenter og HMS/bedriftshelsetenesta. Næraste leiar for stillinga er seksjonsleiar for bemanningsseksjonen, Liv Marit Vedøy.
Sjå annonsa og søk innan 29. mars