Frå årsskiftet er det Helse Fonna som har ansvaret for Mammografiprogrammet i Sunnhordland og Hardanger i regi av Kreftregisteret, og dei som må ha tilleggsundersøking etter undersøkinga på bussen får time på Brystdiagnostisk senter (BDS) på Haugesund sjukehus.

Mammografi: I slutten av februar kjem mammografibussen til Ullensvang. Foto: Hanne M. Øvrebø
Tidlegare har det vore Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus som har drifta mammografibussen og hatt oppfølginga.
– Frå og med januar 2022 overtek Helse Fonna mammografiscreening og vidare oppfølging for kommunane Ullensvang, Kvinnherad, Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. Det betyr at vi no har ansvaret for dette i alle kommunane i Helse Fonna, opplyser avdelingsradiograf Hanne M. Øvrebø ved Brystdiagnostisk Senter (BDS) i Haugesund.
Utvidar området
1. januar 2020 overtok Helse Fonna ansvaret for kvinner i Nord-Rogaland. No vil dette også gjelde kvinner som bur i Sunnhordland og indre Hardanger.

Radiografar: Turid T. Selle (t.v.), Liv Karen Mikkelsen og Hanne M. Øvrebø er tre av dei som skal vere med mammografibussen til Sunnhordland og Hardanger. Foto: Eirik Dankel
– Det betyr at oppfølging og tilleggsundersøkingar etter mammografiscreening vil skje på BDS i Haugesund, og ikkje på Haukeland. Slik som for kvinner i Nord-Rogaland, som fram til januar 2020 måtte reise til BDS på Stavanger universitetssykehus, fortel funksjonsleiar ved radiologisk avdeling i Haugesund, Elin Hetland.
Alle kvinner fødde mellom 1972 og 1953, som bur i Helse Fonna sitt område, blir invitert til mammografiscreening i løpet av 2022 og 2023.
God kunnskap
Medarbeidararane lovar at kvinnene skal få like god oppfølging som før. Dei siste åra har dei bygd opp BDS på Haugesund sjukehus, og auka både kapasitet og kompetanse. Erfaring har dei nok av: Det har nemleg vore tilbod om screening og klinisk mammografi heilt sidan 1996. Dei siste åra har det blitt tilsett fleire mammaradiologar og radiografar, og dei har fått mykje nytt utstyr.
– Vi er dermed godt rusta til å ta imot kvinner frå Sunnhordland og Hardanger også. Våre radiologar er både dyktige og erfarne, og vi har høg kvalitet på tolking av bileta, forsikrar Hetland og Øvrebø.
Får svar innan 3 veker
Mammografibussen, der screeninga skjer, stod i månadene før jul parkert ved Stord kulturhus, der dei tok imot kvinner frå Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. Det betyr at bussen ikkje kjem tilbake dit før hausten 2023. Først ut er Ullensvang. Hit kjem mammografibussen frå veke 7 til 12 i 2022. Kvinnherad (Rosendal) får besøk våren 2023.
Mammografibussen vil bli betjent av 3 radiografar frå BDS. Dei har kapasitet til å undersøkje mellom 60 og 80 kvinner per dag.
Alle får svar på screeninga innan 3 veker. Dersom det er behov for ei grundigare undersøking, får ein tilsendt SMS og brev om time. Omlag 3-4 prosent av kvinnene som møter Mammografiprogrammet blir tilbakekalla til grundigare undersøking på Brystdiagnostisk senter. For dei fleste inneber dette fleire røntgenbilde og/eller ultralydundersøking. Nokre gonger er det også nødvendig med celle- og/eller vevsprøve. Å bli kalla inn til etterundersøking betyr ikkje at ein har brystkreft. Rundt 1 av 5 som blir kalla inn til etterundersøking har forandringar som må behandlast.

Etterkontroll: Kvinnene som treng oppfølging skal no få det på radiologisk avdeling på Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel