HELSENORGE

Helse Fonna skal bidra til nasjonal utvikling av bioingeniørutdanninga

Avansert teknologi og meir bruk av persontilpassa medisin er to av fleire sterke drivarar bak store endringar i bioingeniørfaget. No skal utdanninga utviklast for å gjere studentane betre budde på ansvar og oppgåver i arbeidslivet.

Helse Fonna er eitt av åtte helseføretak som saman med utdanningsinstitusjonane skal bidra i prosjektet «Nasjonalt systematisk samarbeid for videreutvikling av arbeidslivsrelevans i bioingeniørutdanningene». Bakgrunnen for prosjektet er eit arbeidsliv i endring, der dei medisinske laboratoria og bioingeniøryrket har hatt ei rivande utvikling dei siste tiåra. Endringane skjer innan teknologi, automatisering, persontilpassa medisin, bioinformatikk, molekylærpatologi, genetikk og betydeleg større prøvemengd. 

Får vere med å forme utdanninga

Prosjektet skal levere eit taktskifte i bioingeniørutdannnigane, og tilpasse dei til dagens og framtidas behov for kompetanse.

Helse Fonna har gjennom fleire år vore praksisplass for bioingeniørstudentar. No skal våre eigne bioingeniørar bidra i det nasjonale arbeidet med å tilpasse utdanninga enno betre til arbeidslivets behov. 

– Dette er høgst aktuelt for oss i Helse Fonna, og vi vil svært gjerne vere med å forme utdanninga, seier funksjonsleiar Rita Danieilsen Tyse ved laboratoriet på Stord.

Rita Tyse Danielsen -2- foto Magne Kydland Nett.jpg

SKAL BIDRA: Funksjonsleiar Rita Tyse Danielsen ved laboratoriet på Stord sjukehus ser fram til å komme i gang med arbeidet.

Store endringar i laboratoria

– I Helse Fonna har vi hatt svært stor utskifting av instrumentparken ved laboratoria i Haugesund og Stord, og delvis også i Odda. Haugesund har jo bygd eit heilt nytt sjukehus med nye laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin, mikrobiologi, patologi og medisinsk biokjemi, medan vi på Stord har bygd om laboratoriet. Vi får stadig meir komplekse oppgåver med ny teknologi, seier Danielsen Tyse.

Ho viser til dei tre arbeidspakkane i prosjektet som skal ivareta betre lærings- og vurderingsformar, innføre såkalla design thinking og vurdere overføringsverdi til andre utdanningar.

– Det er ikkje konkretisert korleis vi i Helse Fonna skal bidra enno, men vi har dyktige og engasjerte medarbeidarar som er klare for å forme utdanninga etter framtidas behov, seier Danielsen Tyse.

Som elles i landet har Helse Fonna sine bioingeniørar vore heilt sentrale i handteringa av pandemien. Dei har sørga for kapasitet på både testing og gensekvensiering av koronavirus, og opplevd eit stort arbeidspress samtidig som dei har levert laboratorietenester til den ordinære drifta. 

– Dette er eit tydeleg eksempel på kor viktig det er å halde seg fagleg oppdatert. Faget treng også kompetanse innan innovasjon og entreprenørskap for å løyse framtidige utfordringar, seier Danielsen Tyse.

Det er svært stor mangel på bioingeniørar i heile landet. Sjølv med moderne lokalar og utstyr og gode jobbmoglegheiter, opplever også Helse Fonna utfordringar med å rekruttere nok bioingeniørar. Rita Danielsen Tyse håpar pandemien har gjort at fleire får augene opp for ei spennande utdanning som gir moglegheit til å vere sentral i avansert diagnostikk og behandling ved norske sjukehus. Utvikling og framtidsretting av utdanninga er ein viktig del av rekrutteringa.​