Helse Fonna opnar for besøk att

Etter tre månader med strenge restriksjonar er det frå og med onsdag 10. juni igjen mogeleg å besøkje pasientar innlagde på sjukehus i Helse Fonna. Men kvar pasient kan berre ha éin person på besøk, mellom klokka 16.00 og 17.30.

Helse Fonna vil frå og med onsdag 10. juni leggje til rette for besøk til pasientar innlagt på sjukehusa, så langt som praktisk mogeleg. Men for å ivareta smittevern, og tryggleiken til pasientar og tilsette, er det ikkje fritt fram.

- Den enkelte sitt behov for besøk må vurderast opp mot risiko for smittespreiing og risikofaktorar hos den enkelte. Samstundes skal det oppretthaldast godt smittevern, heiter det i retningslinjene frå Helse Fonna.

Besøkstid og talet på besøkjande

Besøkstid er mellom klokka 16.00 og 17.30 alle dagar, og det er berre tillate med éin besøkjande per pasient. Er pasienten på einerom, kan besøket vara inntil éin time. På fleirsengsrom kan ein berre vera på besøk i opptil ein halv time.

 Dei som kjem på besøk skal gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast, og det blir stilt spørsmål om mogeleg Covid 19-smitte når dei kjem i skranken.

- Besøkjande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon kan ikkje komme på besøk. Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk, heiter det i retningslinjene.

Besøk ved føde/barsel

Frisk partner kan vere med på fødsel/keisarsnitt og på familierom på føde‐/barselavdeling.

Partner kan komme på besøk på fleirsengsrom i visittid. Det er ikkje tillate med andre besøkjande, heller ikkje søsken.

helse-fonna-haugesund-fode-barn-foto-eirik-dankel-19.jpg

Det kan vera litt ulike reglar ved ulike avdelingar, og nokre avdelingar er meir restriktive i høve til å ta imot besøk. Difor kan det vera lurt å ringja på førehand, om ein er usikker.

Særskilte omstende

Det vert óg opna opp for å kunne leggje til rette for utvida besøk, i særskilte omstende. Dette skal drøftast med lege, sjukepleier og leiar ved avdelinga. Aktuelle grupper er:

  • Barn under 18 år sine foreldre/føresette
  • Barn som pårørande til pasientar med lengre opphald
  • Pårørande/hjelpepersonale dersom det der nødvendig for å gjennomføre konsultasjonen (til dømes funksjonshemming)
  • Pasientar i siste fase av livet

Slutt på dagleg oppdatering

Helse Fonna kjem frå og med denne veka til å slutta med sine daglege oppdateringar om Covid 19-pasientar på helse-fonna.no. Dette grunna det låge talet på pasientar, og eit stabilt og lågt smittetrykk i regionen. Dette vil bli vurdert på ny om det kjem ei ny smittebølgje. I staden vert det vist til Helse Vest sine oppdateringar på helse-vest.no.