Helse Fonna innfører strenge retningsliner for pasientar og besøkande

Frå og med fredag 13. mars vil sjukehus og DPS i Helse Fonna vere stengt for besøkande. Pasientar med symptom på luftvegsinfeksjon må ta kontakt med sjukehuset før dei møter til time.

Dei strenge retningslinene blir innført etter ein vurdering av den totale situasjonen. Her er tiltaka som no blir innførte i Helse Fonna:

Stenger for besøkande

Frå og med fredag 13. mars vil vi stenge våre sjukehus og DPS for besøkande. Unnatak er kritisk sjuke pasientar, men pårørande må ta kontakt med avdelinga på telefon før dei kjem. Barn/unge og fødande kan ha følgje av éin person.

Pasientar med symptom på luftvegsinfeksjon må ta kontakt før timen

Vi ber pasientar som har time på sjukehuset og har symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust), om å kontakte oss før timen. Vi vil vurdere om du skal komme til timen eller om vi skal utsette den. Bruk helsenorge.no for å sende oss melding dersom det er meir enn 48 timar til timen din. Ring 52 73 90 00 dersom det er kortare enn 48 timar til timen din. Vi beklagar at vi har lang ventetid på telefon.

Mammografiscreening blir avlyst framover. 

Avgrensar tenestereiser og samlingar for medarbeidarar

Medarbeidarar får ikkje reise på tenestereise utanfor helseføretaket sitt opptaksområde. Deltaking i fagsamlingar, møter og konferansar er sterkt redusert.