Det vert også innført krav om munnbind for alle som kjem på besøk.
– Frå og med måndag skjerpar vi kontrollen med dei besøkjande. Vi ønskjer at kvar pasient berre får besøk av éin person per dag, og at ingen kjem utanom visittida. Besøket bør avgrensast til ein halv time om pasienten ligg på fleirsengsrom, og ein time om pasienten ligg på einerom. Det er fint om det er dei same personane som kjem på besøk over tid, opplyser administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
Munnbind
Han presiserer at det blir lagt til rette for besøk til barn og unge, kritisk sjuke og døyande pasientar. Barn og fødande skal sjølvsagt kunne ha følgje. For alle andre ber ein om minst mogeleg besøk.
Dei som har time på sjukehuset eller skal på besøk må vere førebudde på å bli stilt sjekklistespørsmål ved inngangen.

Besøkskontroll: Det vil igjen komme opp køordnarar i vestibylen på Haugesund sjukehus. Også på dei andre sjukehusa i føretaket må besøkjande forvente og få spørsmål. Foto: Magne Kydland
– Vi innfører også påbod om bruk av munnbind for alle besøkande, seier Klausen. Dei som kjem på besøk blir også bedne om å ha god handhygiene, og halde minst éin meter avstand til andre.
– Ein svært alvorleg situasjon
Bilda av overfylte sjukehus i Europa sette ein støkk i det norske helsevesenet våren 2020. No er situasjonen alvorleg også her, og konsekvensane blir store.
– Vi har no over tid hatt veldig mange pasientar i akuttmottak og mange som treng innlegging. Det er pasientar i alle aldrar og med ulike tilstandar. Kapasiteten er sprengt og medarbeidarane er slitne. Vi må gjere det vi kan for å redusere pågangen og då er dessverre besøksrestriksjonar eitt av tiltaka, seier Klausen.
Det er allereie tatt betydelege grep gjennom å avlyse planlagt behandling for å kunne ta imot akutt og alvorleg sjuke pasientar. Kreftpasientar og barn blir skjerma. Olav Klausen seier det er eit tiltak det sit langt inne å ta i bruk.
– Det det gjer oss vondt å utsette timar til undersøking og behandling som folk treng. Det er ingen tvil om at fleire no må gå lenger med sine plager enn om vi hadde vore i ein normalsituasjon og det beklagar vi sterkt, seier Klausen.
Han meiner likevel det er nødvendig for å redusere trykket på sjukehusa.
– Det er ein svært alvorleg situasjon med mange pasientar, høgt sjukefråvære og slitne medarbeidarar som blir pålagt fleire vakter.
Gjev ros til medarbeidarane
Bemanning er ei stor utfordring ved mange av landets sjukehus no. Klausen seier det er viktig å teikne eit realistisk bilde av korleis kvardagen no ser ut.
– Eg har sagt mange gonger gjennom pandemien at eg er imponert over den innsatsen medarbeidarane våre har lagt ned. Slik ord blir fattige i den situasjonen vi er i no.
Besøksreglar:
* Helse Fonna ber om at besøk som ikkje er nødvendig ikkje blir gjennomført.
* Visittida er 17.00-18.30.
* Dei som kjem på besøk må rekne med besøkskontroll.
* Besøkjande må bruke munnbind, ha god handhygiene og halde avstand til andre
* Maks. ein person på besøk til kvar pasient.
* Besøket må avgrensast til ein halv time på fleirsengsrom, og ein time på einerom.
* Besøk til kritisk sjuke, døyande, fødande og barn og unge blir prioritert.