Helse Fonna har medarbeidarar som er i karantene

– Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner, og har derfor medarbeidarar som ikkje kan komme på arbeid, seier konstituert kommunikasjonssjef Stina Steingildra.

– Leiarar i Helse Fonna gjer fortløpande vurderingar om sine medarbeidarar og det vil derfor variere kor mange som må halde seg vekke frå arbeid.

Helse Fonna presiserer at dette er førehandsreglar, og at det per no ikkje er medarbeidarar med påvist smitte av nytt koronavirus i føretaket.

– Det å ha medarbeidarar i karantene vil i større eller mindre grad påverke drifta og vi gjer vurderingar og tiltak etter kvart. Så langt går drifta tilnærma normalt, seier Steingildra.

Stina Steingildra - foto Eirik Dankel_2-nett.jpg

Har du spørsmål om nytt koronavirus? 

Steingildra minnar om at pasientar, pårørande og andre som har spørsmål om nytt koronavirus skal oppsøke Folkehelseinstituttet sine nettsider, www.fhi.no, eller ringe informasjonstelefonen på 815 55 015. Dersom du trur du er smitta, skal du ringe til legevakt på 116 117 . Ingen skal møte direkte hos lege, legevakt eller sjukehus utan å ho vore i telefonkontakt først.