HELSENORGE

Helse Fonna går ut av beredskap for første gong i pandemien

– No er smittesituasjonen og vaksinasjonsstatusen slik at mange helseføretak i landet går ut av ein historisk lang beredskap. Også vi i Helse Fonna, seier administrerande direktør Olav Klausen. 

– Smittetrykket i opptaksområdet er lågt, takka stor innsats i kommunane og befolkninga. Eit stort fleirtal av våre medarbeidarar er vaksinerte. Det betyr at vi ikkje har den overhengande faren at smitte blant tilsette skal bli kritisk for dei viktige helseteneste vi gir, seier Klausen.

​​Vaksinering i kommunane gjer at eldre og personar i risikogruppene i stor grad også er vaksinerte no. 

helse-fonna-olav-klausen-mai-2012-1-foto-eirik-dankel.jpg

AVSLUTTAR BEREDSKAP: Administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna kan i dag avslutte 15 månadar med kontinuerleg beredskap. Foto: Eirik Dankel

Ikkj​e over enno

– Pandemien er ikkje over, og vi vil følgje situasjonen nøye. Vi er klare til å heve beredskapen om det blir nødvendig, seier Klausen.

Han minner om at vi berre skal tilbake til mars i år for å finne rekordinnlegging av covid-pasientar i Helse Fonna. Då var det tolv innlagte samtidig. 

– Smittervernråda frå helsestyresmaktene gjeld framleis og eg vil oppmode alle om å følgje dei, seier Klausen. 

– Det er framleis mange i befolkinga som ikkje er vaksinerte, og det er ingen av oss som ønsker nye utbrot lokalt no.

Vil le​​tte på restriksjonar neste veke

Men korleis vil medarbeidarar, pasientar og pårørande merke at Helse Fonna ikkje lenger er i beredskap?

– I praksis betyr det at vi i neste veke vil lette på restriksjonar for både medarbeidarar, pasientar og besøkande. Dette kan vi ikkje gjere umiddelbart, for vi har gjennom pandemien innført omfattande smittevernrutiner som først må omarbeidast, seier Klausen.

Det vil kome informasjon om dette til media og på internettsidene tidleg i neste veke. Enn så lenge gjeld reglane som ligg på Helse Fonna sine nettsider, www.helse-fonna.no. 

Takkar for​​ forståinga

Klausen takkar alle medarbeidarar for ein formidabel innsats og pasientar og pårørande for forståing for at tilbodet ikkje har vore heilt som normalt det siste året.

– Vi har bygd om lokalar, oppretta midlertidige smittemottak og covid-kohortar og vi har hatt inngangsko​ntroll ved sjukehusa våre. Mange fekk arbeidskvardagen snudd på hovudet, og det samtidig med at privatlivet også blei det. Det er for tidleg å sjå tilbake enno, men det gler meg at vi kan ta dette viktige skrittet vidare.

– Eg trur eg snakkar for alle når eg seier at vi gler oss veldig til å ønske velkommen tilbake til eit meir normalt sjukehus. 

Lunge nedvask - april 2020 - foto Eirik Dankel_4.jpg

2020: Det blei bygd midlertidig korona-kohort ved lungeavdelinga på Haugesund sjukehus. Bildet er frå april 2020. Foto: Eirik Dankel