Helse Fonna fjernar «koronateltet»

Helse Fonna legg ned delar av det mellombelse pandemimottaket ved Haugesund sjukehus, og riggar ned teltet som i lang tid har sperra fortauet i Karmsundgata.

Det kom fram då adm. dir. Olav Klausen torsdag informerte styret i Helse Fonna om tiltak som følgje av koronasituasjonen. Det har i lang tid vore stabilt og lågt smittetrykk i heile Helse Fonna-regionen, noko som fører til at det er viktig å fortsetje med å ta opp att den ordinære aktiviteten.

 - Pandemimottaket blir framleis på øre-nese-hals-avdelinga (ØNH), men i mindre omfang enn då det blei etablert i mars. Teltet, som i lang tid har sperra for mjuke trafikantar i Karmsundgata, blir rigga ned, truleg i løpet av neste veke.  Vi har ein plan for reetablering på kort tid, dersom smittetrykket aukar att. Mellom anna skal vi kunne få opp att teltet innan 24 timar, dersom det blir trong for det, forklarte Klausen i styremøtet.

Covid-19 - Telt Haugesund - 28-5-2020 - foto Eirik Dankel_1.jpg

 

Ivaretek tryggleiken

Desse tiltaka blir gjort for å frigjera areal til å komma i gang att med planlagde operasjonar på ØNH-avdelinga, som er den avdelinga som har måtta lide mest som følgje av korona-tiltaka.

Leiinga i Helse Fonna vil vurdera og evaluera desse tiltaka i slutten av juli, når ein veit meir om effekten av at samfunnet har opna meir opp.

- Det er viktig å understreka at ein ved å ta ned teltet, og redusere pandemimottaket, ikkje tek vekk beredskapen. Vi berre gjer ting på ein annan måte, understrekar Klausen, som forsikrar at dette blir gjort på ein trygg og god måte, i høve til reglane, som sikrar tryggleiken både for pasientar og tilsette.

Det er òg viktig å understreka at samstundes som ein endrar drifta i høve til no-situasjonen, og avvikling av normal sommarferie, så har Helse Fonna også planar for korleis dei kan førebu for eit høgt tal intensivpasientar, i tråd med analysar gjennomført av Folkehelseinstituttet. Her har Helse Fonna lagt ein plan som muleggjer trinnvis opptrapping til 26 intensivplassar ved Haugesund sjukehus, og fire på Stord sjukehus.

Store ekstrakostnader

Forutan økonomisk langtidsbudsjett, orientering om HMS-hendingar og tilsette-skadar, avviksmeldingar av pasientrelaterte hendingar i 2019, og status byggprosjektet, var det mykje fokus på koronapandemien, og kva konsekvensar det har fått for drifta, og ikkje minst økonomien, i Helse Fonna.

- Dei pasientrelaterte inntektene er hittil i år 58 millionar kroner lågare enn budsjettert. Av dette avviket er det berekna at 54 mill. kjem som følgje av koronasituasjonen. I rekneskapen er fakturaene som representerer ein ekstrakostnad grunna korona merka med eit eige prosjektnummer. Summen av kostnadar på koronaprosjektnummeret for mars og april er 24 millionar kroner. Av dette er 21 mill. ekstra personalkostnadar. Med eit negativt budsjettavvik hittil i år på 85 millionar, er avviket justert for koronaeffektar -7 millionar kroner. Aktiviteten ved inngangen av mai ligg på rundt 85 prosent av normalaktiviteten. I mai er det difor venta at inntektstapet, men óg ekstrakostnadane, blir reduserte. For å oppretthalde beredskapen og med usikre estimat for aktivitet, må føretaket likevel rekne med høgare kostnadar og lågare inntekter enn budsjettert i månadane som kjem, heiter det i adm. dir. sin koronarapport til styret.

Klausen nytta også høvet til å framheva det gode samarbeidet under korona-pandemien, både internt og eksternt, noko også fleire i styret uttrykte at dei var imponerte over.

- Denne situasjonen har gjort at vi har etablert eit godt samarbeid med andre sjukehus, særleg Revmatismesjukehuset, kommunane, men også internt, på tvers av avdelingar, uttalte Klausen, som nytta høvet til å skryta spesielt over samarbeidet med smitteverntenesta og dei tillitsvalde.

Auke i pasientrelaterte hendingar

I 2019 registrerte Helse Fonna totalt 2112 pasientrelaterte avviksmeldingar i sitt system. Statistikken viser at talet på slike hendingar har auka dei siste åra. Auken har vore i medisinsk og kirurgisk klinikk, og på Stord sjukehus. I klinikk for psykisk helsevern og klinikk for medisinske tenester og beredskap har tala vore stabile sidan 2017.

Tala stemmer godt overeins med erfaringa frå Kvalitetsutvalet, som får fleire meldingar til handsaming. Utvalet rapporterer at det blir meldt ein større variasjon i type skader, og til dels meir alvorlege, vurdert ut frå pasientryggleik.

I 2019 vart det meldt totalt 15 alvorlege hendingar, dvs. dødsfall eller monaleg skade på pasient. Klinikk for psykisk helsevern stod for sju av meldingane.

- At talet på pasientrelaterte hendingar har auka betyr ikkje automatisk at pasienttryggleiken er dårlegare enn før. Det kan like gjerne vera at dei tilsette har blitt flinkare til å rapportera hendingar i systemet. Slik rapportering er viktig, for at vi i Helse Fonna skal ha god meldekultur, og det er viktig at vi er opne om slike hendingar, understrekar Helse Fonna-direktøren.

Covid-19 - Telt Haugesund - 28-5-2020 - foto Eirik Dankel.jpg