Høgt sjukefråvær og svært mange pasientar gjer at sjukehusa i Helse Fonna har utfordringar med å fylle opp vaktlistene. Føretaket har vore i gul beredskap sidan 10. november, og det meste av planlagt behandling er no utsett, for at ein skal vere i stand til å klare å gi hjelp til dei pasientane som treng det mest.

– Vi veit at det er mange dyktige sjukepleiarar som er pensjonistar og som har mykje å gi. Eg håpar nokon av dei ønsker å bidra med sin kompetanse og erfaring på sjukehusa no, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
Regjeringa forlenga nyleg unnataket for avkortingsreglane for pensjonert helsepersonell til 1. juli 2022. Det betyr at pensjonistar kan komme tilbake til lønna arbeid i helsetenesta utan at pensjonen blir avkorta.
Klausen seier dei som er interesserte vil få nødvendig opplæring og komme til eit trygt arbeidsmiljø. Han legg likevel ikkje skjul på at det er ein krevjande situasjon som gjer at dei no går ut og ber om hjelp frå pensjonistar, studentar og sjukepleiarar som er i andre jobbar.
– Medarbeidarane våre byrjar å bli slitne, etter fleire veker med ekstravakter og doble vakter. Vi har flytta på det vi kan internt. Difor håpar vi at det er nokon utanfrå som kan hjelpe oss i ein vanskeleg situasjon. Er du student eller pensjonist, og har høve til å ta vakter hjå oss, set vi stor pris på om du tek kontakt. Det same gjeld dersom det er sjukepleiarar som jobbar med andre ting, og som kanskje kan få fri av arbeidsgjevarane sine, for å jobbe på sjukehuset i ein periode, seier Klausen.
Her kan du lese meir om stillingane, og uforpliktande melde deg til teneste: https://5253.webcruiter.no/Main2/Recruit/Public/4456727952?link_source_id=0
Lurer du på noko?
Då kan du ta kontakt med ein av desse hyggjelege medarbeidarane våre i HR-avdelinga:
Liv Marit Vedøy, 99 60 94 24
Finn Arve Åsbu, 917 36 690
Signe Elisabeth Hetland, 911 83 198