Helse Fonna aukar aktiviteten att

Helse Fonna endrar beredskapsnivået frå gul til grøn beredskap. Dette gjer helseføretaket i stand til å auke aktiviteten att.

Den siste månaden har Helse Fonna hatt lågare aktivitet enn vanleg, grunna mange pasientar med Covid-19. På det meste har det vore 12 pasientar med Covid-19 inne i føretaket. Våren 2020 var det aldri meir enn ti pasientar inne på ein gong.

 

Pandemien er ikkje over

Gul beredskap vart innført 17. mars, men no er situasjonen ein heilt annan enn han var førre månad.

- Smittesituasjonen i vårt distrikt er under kontroll, takka vere god innsats frå innbyggjarar og kommunar. Talet på pasientar har stabilisert seg på eit lågare nivå, og det er difor på tide å justere ned beredskapsnivået til grønt, opplyser administrerande dirktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

Kohortavdelinga på Haugesund sjukehus vert ikkje rigga ned før talet på pasientar er ytterlegare redusert, men plan for nedrigging er klar.

- Vi forsøker no å komme tilbake til tilnærma normal drift, seier Klausen, som minner om at Helse Fonna framleis er i beredskap, og at situasjonen kan endre seg att.

illustrasjonsfoto-Helse Fonna- Eirik Dankel.jpg

Mindre smitte: Å gå frå gul til grøn beredskap betyr at Helse Fonna gradvis aukar aktiviteten att. På biletet ser vi operasjonssjukepleiar Liv Synnøve Røthing Steinsnes ved ØNH-avdelinga på Haugesund sjukehus. Foto: Kjetil Alsvik, Helse Vest


- Pandemien er ikkje over, og vi ser at smittetala aukar både sør for Boknafjorden, og i Bergen. Difor må vi vere førebudde på at talet på smitta kan auke att også på Haugalandet, seier Klausen.

 

- Møt opp til timen din

Helse Fonna oppmodar pasientar om å møte til timen sin som avtalt, med mindre dei får beskjed om anna. Det er stort fokus på smittevern på sjukehusa og dei andre avdelingane i føretaket, og dette gjer at det skal vere trygt å vere pasient.

- Men vi oppmodar framleis pårørande om å vurdere nøye i kva grad besøk er nødvendig. Desse fleire som kjem inn dørene, dess større er sjansen for at nokon tek med seg smitte inn. Difor ber vi om så lite besøk som nødvendig, seier Klausen. 

Han nyttar høvet til å minne om at kvar og ein må halde fram med gode smittevernrutinar, særleg når det gjeld handhygiene og det å halde avstand til andre.