Held hjula i gang om sommaren

Lene Ottesen og Siren Robberstad er to av mange ferievikarar i Helse Fonna.

Det nærmar seg slutten av juli, men på sjukehusa i Helse Fonna er det lite som minner om rolege ferieveker. Her er det fullt køyr, med mange pasientar og travle dagar for dei tilsette.

Helse Fonna har totalt rundt 4.000 tilsette, og er dermed ein av dei største arbeidsgjevarane mellom Stavanger og Bergen. Dermed er helseføretaket også ein av dei organisasjonane som har flest sommarvikarar.

To av dei er Lene Ottesen (23) og Siren Robberstad (23), som jobbar som ferievikarar på Stord sjukehus. Ottesen er nett ferdig med første året på sjukepleieutdaning på HVL på Stord, medan Robberstad snart går i gang med sitt femte år på medisinstudiet i Polen. Ottesen har sin første sommar ved Stord sjukehus, medan Robberstad er på medisinsk avdeling tredje sommaren på rad.

vikarar.jpg

ViktigeSiren Robberstad (t.v.) og Lene Ottesen er to av fleire hundre vikarar som er heilt nødvendige for å få drifta til å gå rundt om sommaren. Foto: Magne Kydland

Travle og kjekke dagar

- Her trivst eg godt. Det er kjekke kollegaer, og ikkje minst svært lærerikt, fortel Robberstad, som håpar at ho til slutt kan få fast jobb på Stord sjukehus når ho er ferdig utdanna.

- Det er Stord som er «mitt sjukehus». Draumen er å få jobba her, fortel Robberstad, og får støtte frå Ottesen, som føler seg privilegert som fekk jobb alt etter så kort tid i utdanninga.

- Eg søkte, vart kalla inn til intervju, og så har eg jobba på sjukehuset på deltid sidan i vår. Eg veit ikkje om andre i mitt kull som har sommarjobb her, fortel Ottesen, som også håpar på jobb heime på Stord i framtida.

- Eg vil gjerne bli buande på Stord, og no når eg har ein fot innanfor i Helse Fonna, håpar eg sjølvsagt at eg kan få fast jobb her når den tid kjem, seier sjukepleiarstudenten.

vikar-skyllerom2.jpg

Varierte oppgåverLene Ottesen (t.v.) og Siren Robberstad trivst godt på Stord sjukehus. Foto: Magne Kydland

Begge har såkalla null-avtale med sjukehuset. Det vil seia at dei er ringjevikarar, og jobbar også utanom sjølve sommarferien. Ottesen har fått fast vakt kvar tredje helg etter sommaren, medan Robberstad ringjer og gjev melding kvar gong ho kjem heim frå studiet i Polen og kan jobba. Og det er som regel alltid trong for litt ekstra hjelp.

- Det har blitt totalt cirka ni veker i året dei siste åra, men i år har det blitt meir, sidan eg reiste heim då koronaen braut ut, fortel Robberstad. 23-åringane fortel om travle, men kjekke arbeidsdagar.

- Det varierer sjølvsagt, men det er alltid nok å gjera. Skulle det vera ei roleg stund, er det nok av arbeidsoppgåver ein kan ta tak i. Og av og til er det så travelt at me knapt nok har tid til pause. Men det er veldig kjekt, og dagane flyr, fortel dei to sommarvikarane.


Flest lokale

I lønssystemet for juli er det registrert 234 tilsette med kode som ferievikar. Men utanom utlyste stillingar, er det mange studentar, slik som Robberstad og Ottesen, som har hatt, eller har, deltidsstillingar. Til dømes helsefagstudentar som har faste helgestillingar ved ein sengepost, som har utvida stilling no om sommaren. Eller pensjonistar, som kjem tilbake og jobbar om sommaren, på same avdeling dei har jobba tidlegare. Desse kjem utanom, slik at ein totalt må rekna med mellom 250 og 300 vikarar som skal til for å få sommarkabalen til å gå opp.

Og her snakkar ein ikkje berre om legar og sjukepleiarar. Her trengst alle kategoriar: Reinhaldarar, teknisk personell, portørar, ambulansearbeidarar, radiografar, bioingeniørar, kantinemedarbeidarar og sekretærar. Alle er like viktige for at Helse Fonna skal ha eit godt og forsvarleg tilbod også om sommaren.

Alle vikarstillingane blir lyste ut på helse-fonna.no og NAV sine sider. Nokre annonser blir også publiserte på finn.no, i fagtidsskrift og i lokalaviser. Og i tillegg brukar ein ulike vikarbyrå, særleg for å rekruttera legar og sjukepleiarar.

Flesteparten av vikarane er lokale folk. Men det er også ein del vikarar frå andre land, særleg nabolanda, men somme tider må ein henta inn vikarar frå lenger sør eller aust i Europa.

 vikar-smittevern.jpgSmittevern: Lene Ottesen og Siren Robberstad har etterkvart fått god trening i å ta av og på smittevernutstyr. Påkledninga går i rekordtempo. Foto: Magne Kydland

Golffrelst legevikar

Nokre golfslag unna sjukehuset treff vi på Johannes Soma, som spelar ein runde i lag med fastlege Ernst Reinhard Lim, som også har eit tilsetjingsforhold i Helse Fonna, som praksiskonsulent mot fastlegane.

Soma er nyleg ferdig med tre vekes sommarteneste på Stord, og kjem tilbake att i starten av september. Soma er pensjonert kardiolog frå Sjukehuset Vestfold, men har jobba som vikar i fleire år på Stord sjukehus.

- Det blir vel rundt ti veker i året, fortel Soma, som trivst svært godt på Stord, mykje fordi han likar å spela golf, og då har han noko meiningsfylt å driva på med utanom arbeidstid.

- Golf er ein kjekk, og ikkje minst sosial aktivitet, så difor har eg blitt kjend med mange stordabuar, blant anna han her, seier Soma og nikkar mot Lim. Dei to treftest heilt tilfeldig ute på hol 4 på golfbanen tidlegare i sommar.

golfbanen.jpgGolfkompisar: Johannes Soma (t.v.) og Ernst Reinhard Lim, som er fastlege på Stord, tek ein kveldsrunde på Stord golfklubb. Vikarlegen frå Vestfold trivst svært godt på Stord sjukehus, blant anna fordi golfbanen ligg så nær, og er lett tilgjengeleg på fritida. Foto: Magne Kydland

Legen, som er busett på Nøtterøy, representerer gruppa som blir rekruttert gjennom vikarbyrå. Ei ordning han synest fungerer svært bra.

- Eg får ein e-post om at det eller det sjukehuset treng ein indremedisinar i ein tidsavgrensa periode, og så svarar eg om eg er interessert. Og så er det jo ikkje sikkert at det blir meg, om fleire er interesserte. For meg er det ei fin ordning: Byrået ordnar med alt det praktiske, som reise og bustad, og eg fakturerer timane til dei i ettertid, fortel Soma, som er ein aktiv kar på fritida. Før han kjem tilbake til Stord skal han også ei veke til Kongsvinger sjukehus. Då blir fiskestonga med, i tillegg til golfbagen.