Hektiske og lærerike veker

Dei tilsette ved slageininga på Stord sjukehus har dei siste vekene teke imot alle type pasientar. Det har vore utfordrande, men også svært lærerikt.

Seksjonsleiar Eli Karin Solli ved medisinsk og Felles Intensiv avdeling (FIA) kan ikkje få rosa dei tilsette nok.

– Dei har snudd seg rundt på rekordtid, lest seg opp på prosedyrar og smittevern, og teke utfordringane på strak arm, etter kvart som dei har dukka opp. Og ikkje minst, så har både legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar stilt sporty opp, jobba ekstra, og teke på seg vakter, om det har vore trong for det, rosar Solli.

- Ja, det har vore spennande, og mykje nytt å setja seg inn i. Rutinar måtte på plass, og ikkje minst vart det mykje nytt i høve til diagnosar og smittevern. Me brukte to veker på å komma skikkeleg på plass, og sidan då har det gått i eitt. Alle med luftvegssymptom har komme til oss, og me har også fungert som mottak, fortel sjukepleiar Malene Eriksen og får støtte frå kollega Aase Aurbakken Rusten.

korridorbilde3.JPG

UVANLEGE TIDER: Aase Aurbakken Rusten (t.v.) og Malene Eriksen (t.h.) har hatt travle veker med mykje nytt sidan slageininga vart kohortavdeling på Stord sjukhus. Seksjonsleiar Eli Karin Solli er full av lovord over dei tilsette sin vilje og innsats. Foto: Magne Kydland

- Sjølv om det til tider har vore hektisk, og mykje av og på med smittevernutstyr, så har det vore spennande – og me har lært mykje, fortel Rusten. Vanlegvis jobbar dei med slagpasientar. Dei siste vekene har dei hatt innom mange ulike pasientgrupper.

Imponert seksjonsleiar

Som i Haugesund er no kohortavdelinga på Stord mellombels redusert, slik at ein har betre kapasitet til å ta imot til å ta seg av pasientar som raskt bør få eit tilbod om spesialisert rehabilitering på Medisin 3. Endringa gjeld inntil vidare og skal gjennomførast på ein slik måte at ein på kort varsel kan opne opp igjen for kohort i heile 3. etasjen, dersom det blir behov for det.

elikarinsolli-1.JPG

KOHORT: Seksjonsleiar Eli Karin Solli (t.v.) i samtale med sjukepleiar Aase Aurbakken Rusten. Foto: Magne Kydland

Er godt drilla

Kvardagen er nemleg slik at ein må kle seg opp i fullt smittevernutstyr kvar gong ein skal inn til ein pasient, som anten er smitta eller mistenkt, sjølv om det er små eller store oppgåver som skal utførast.

- Dersom ein pasient ringjer på oss for å få eit glas med vatn, må ein likevel ha fullt smittevernutstyr på seg. Så me byrjar å bli godt drilla i å ta på og av oss, smiler Aurbakken Rusten, som også fortel om rolegare periodar. Det har ikkje vore like travelt heile tida.

- Og heldigvis kom jo aldri den store bølgja. Så me må jo konstatera at det har gått langt betre enn det me frykta i starten, seier Aase Aurbakken Rusten.

Funksjonsleiar Agata Kapuscinska ved FIA skildrar den spesielle perioden slik:

- Koronapandemien har kravd ein del fysiske endringar på avdelinga. Me var nøydde til å flytta postoperativ overvaking til ei anna avdeling, men framleis drive av FIA-personalet. Me laga til kohortrom til intensivpasientar, noko som kravde ombygging. Me har øvd på ARDS-behandling og trekt inn personale frå andre avdelingar som kunne støtta bemanninga. Fagsjukepleiarar har gjort ein stor innsats på kort tid for å førebu oss til å ta imot koronapasientar. Eg har opplevd godt samarbeid med internservice og andre avdelingar. Og ikkje minst, så har eg ei dyktig og positiv personalgruppe som har tilpassa seg godt i denne perioden, seier Kapuscinska.