Heimerespiratorteamet får positiv omtale

Har jobba aktivt i fleire år med kvalitetsforbetring retta mot pasientar med heimerespirator.

I samband med nasjonalt vårwebinar for langtids mekanisk ventilasjonsbehandling (LTMV), i regi av Nasjonalt kompetansesenter for hjemmerespiratorbehandling (NKH), blei heimerespiratorteamet i Helse Fonna spesialt trekt fram.

– Bakgrunnen for dette er at sjukehuset over fleire år har jobba aktivt med kvalitetsforbetringsarbeid retta mot pasientar med heimerespirator. Teamet ved Haugesund sjukehus imponerer med god oversikt over pasientgruppa, og har også registrert over 90 prosent av pasientane i LTMV-registeret, seier overlege Solfrid Indrekvam, som leiar LTMV-registeret.

 

Krev spesial​​kompetanse

Berit Hauge, lungesjukepleiar, Lan Le, lungelege, Anne-Marit Skogheim, intensivsjukepleiar, og spesialfysioterapeutane Margrethe Kolnes, Sigrid Bakkevold og Terese Tveit Helland, utgjer heimerespiratorteamet for vaksne i Helse Fonna, som vart etablert hausten 2017. Teamet har mest fokus på pasientar over 18 år med heimerespirator, dvs pustemaskin som kan gje livsoppretthaldande behandling, og nokre pasientar med heimebipap, der det er særleg behov for koordinering av behandling frå ulike faggrupper.

heimeresp1.jpg

Får ros: Heimerespiratorteamet for vaksne i Helse Fonna består av lungesjukepleiar Berit Hauge (t.v.), spesialfysioterapeut Margrethe Kolnes, intensivsjukepleiar Anne-Marit Skogheim og lungelege Lan Le. I tillegg er dei to spesialfysioterapeutane Sigrid Bakkevold og Terese Tveit Helland med i teamet, som no får velfortent ros. Foto: Eirik Dankel


– Desse medarbeidarane gjer ein utmerka innsats i heimerespiratorteamet og for pasientane som blir følgt opp av teamet. Dette er utfordrande arbeid som krev spesialkompetanse, det meste av denne kompetansen har dei tileigna seg på eiga hand. Dei har også heimebesøk hos pasientane, opplyser avdelingsleiar Eva Karin Schmidt ved hjarte- og lungeavdelinga i Helse Fonna.

 

75 pasientar​​

Totalt får 70-75 pasientar med heimerespirator eller heimebipap jamleg oppfølging av heile eller deler av teamet. I tillegg er det cirka 35 pasientar i regionen som får oppfølging frå andre sjukehus, slik som Stavanger eller Haukeland.

Over halvparten av pasientane har hovuddiagnose knytt til overvektshypoventilasjon eller lungesjukdom. Dei fleste brukar pustemaskin med maske om natta, og berre nokre få pasientar har trakeostomi, dvs pustehol i halsen.

heimeresp2.jpg

Pustehjelp: I praksis betyr heimerespirator at ein flyttar intensivbehandling ut av sjukehuset, og til der pasienten bur. Her viser Berit Hauge fram noko av utstyret dei jobbar med. Foto: Eirik Dankel

– Vi har arbeidd aktivt med å få opp dekningsgraden i LTMV-registeret. Helse Fonna har gått frå dekningsgrad på 20-30 prosent til godt over 90 prosent. Registeret er viktig for kvalitetsforbetring og forsking, fortel lungesjukepleiar Berit Hauge, som har vore primus motor for registreringa. Ho får mykje ros frå dei andre i teamet.

– Ho er effektiv, strukturert, omsorgsfull og empatisk. Ho er veldig til stades for pasientane, kjem det frå spesialfysioterapeut Margrethe Kolnes.

 

Godt samarbeid​

Hauge innrømmer at det er kjekt at innsatsen blir lagt merke til, og å få ros for jobben ho gjer, men understrekar kor viktig det er å vere eit godt team, som arbeider tett saman.

– Og så må vi ikkje gløyme det viktigaste oppi dette: Pasienten. Her er det mykje teknisk utstyr, men det er mennesket det handlar om. Maskinen er berre til hjelp, understrekar ein engasjert lungesjukepleiar.

Gjennom desse åra heimerespiratorteamet har fungert, har det vorte lagt ned eit solid stykke arbeid knytt opp mot utarbeiding av prosedyrar og deltaking i ulike kvalitetsforbetringsprosjekt. Teamet har også eit tett og godt samarbeid med andre faggrupper og avdelingar, til dømes Seksjon for behandlingshjelpemidlar, ØNH, palliativt team og nevrolog/nevrosjukepleiarar. Og sist, men ikkje minst, kommunane. For dette handlar først og fremst om å flytte spesialisthelsetenester ut til der pasientane bur.

– I praksis så flyttar vi intensivbehandling ut av sjukehuset og pasientane blir følgt opp av kommunalt tilsette. Dette krev store ressursar, og det er alltid mest arbeid i oppstartsfasen, fortel Berit Hauge og Margrethe Kolnes.

heimeresp4.jpg