Helsenorge

Har passert 67 år, men står på vidare

Han har jobba på Haugesund sjukehus i snart 35 år, og kunne gått av med pensjon med godt samvit. Men Svein Olaf Simonsen (67) vil ikkje gje seg heilt enda.

Svein Olaf Simonsen har nyleg fylt 67 år. Men han har ikkje tenkt å bli pensjonist heilt enda. Det er avdelingsleiar Anne Marit With Ottesen i medisinsk teknikk glad for.

- Han er ein kollega som er høgt sett pris på og eg får klump i magen og halsen og tårer i augo ved å tenkje på at no nærmar det seg ein sluttdato, sjølv om den ikkje er heilt fastsett, er dei gode orda frå avdelingsleiaren.

 

Flytta sørover

Det heile starta sommaren 1986. Svein Olaf Simonsen, som jobba på medisinteknisk avdeling på Regionssykehuset i Tromsø, fekk seg jobb på Haugesund sjukehus.

- Kona er frå Kopervik, og som småbarnsforeldre bestemte vi oss for å flytte sørover, fortel Simonsen.

simonsen1.jpg

Står på vidare: Svein Olaf Simonsen har fylt 67 år, men har tenkt å gå på jobb ei stund til framover, noko Helse Fonna er glad for. Foto: Helse Vest


I dag er stillinga hans fagansvarleg  ingeniør, og kort fortalt har han og kollegaene ansvaret for at alt det avanserte og tekniske utstyret på sjukehuset fungerer som det skal. Heile døgnet, kvar dag. Jobben har blitt litt meir spesialisert med åra, for som Simonsen seier – alle kan ikkje vere ekspertar på alle typar utstyr. Sjølv jobbar han mest med analysemaskinane på laboratoriet, i tillegg til EKG-utstyr og respiratorar.

- Vi er husets servicemenn på utstyret, og eit bindeledd mellom leverandør og sjukehuset. Det er viktig at vi byggjer opp eigen kompetanse, slik at vi sjølv kan ordne opp ved problem. Det er ikkje alltid det er tid å vente i to døgn på å få på plass representantar frå leverandøren, forklarar Simonsen.

 

35-årsjubilant

Til sommaren passerer Simonsen 35 år på same arbeidsplass, og grunngjevinga kvifor han vil halde fram litt til er enkel: Han stortrivst på jobb!

simonsen2.jpg

Engasjert: Svein Olaf Simonsen vil helst sjå til at alt analyseutstyret på det nye laboratoriet i nybygget verkar som det skal før han går av med pensjon. Foto: Helse Vest


- Det har alltid vore givande og interessant å gå på jobb, og eg stiller på jobb med glede. Men samstundes er det ingen som er uunnverlege, eg kan ikkje tvihalde på jobben heller. Ein må la yngre krefter sleppe til, seier 67-åringen, som er veldig engasjert i jobben med å få inn medisinteknisk utstyr i nybygget.

- Prosessane med MTU (medisinteknisk utstyr) i nybygget har vart i tre år, og eg vil gjerne sjå at alt er trygt i hus og fungerer som det skal før eg gir meg. Hadde det ikkje vore for det, ville eg nok hatt min siste arbeidsdag i dag. Så førebels ser eg føre meg eit halvt år til, og så blir eg pensjonist til hausten, seier den røynde medarbeidaren. Som får endå meir skryt at leiaren sin.

- Han ønskjer å sjå laboratoriet vel i mål i det nye bygget, samtidig som han er tydeleg på at det ikkje er han som skal ha opplæring på dei nye instrumenta. Han auser villig av sin kunnskap og er samtidig audmjuk på alt han ikkje veit. Han har alltid glimt i auga, blir aldri stressa og sur - sjølv om han av og til prøver å seie at han er det. Eg har sjølv ringt til han klokka seks ein laurdag morgon for å få hjelp til blodkjøleskapet som ikkje heldt temperaturen sin – sjølv om MTA ikkje har vaktturnus, fortel Ottesen, som er glad for å ha Simonsen med på laget ei stund til.


Seniorpolitikk

HR-direktør Helga Stautland Onarheim er glad for at det finst slike som Simonsen i Helse Fonna. For det er ikkje så mange som held fram i full jobb når dei passerer 67 år.

- Som leiarar set vi stor pris på at vi har tilsette som vel å fortsetje arbeidet sitt utover 67 år. Medarbeidarar med lang og solid erfaring kan ikkje erstattast på enkelt vis, her er det mange år som skal til for å nå same kompetansenivå. Vi  burde feire medarbeidarar som står lenge i arbeid. Vi takkar Simonsen for at han er engasjert i nybygget og vil bidra med sin kompetanse til å få eit fungerande laboratorium i drift, seier HR-direktøren.

Føretaket har tiltak for seniorpolitikk som skal bidra til at medarbeidarar kan få litt igjen for å stå i arbeid etter 65 år. Det mest attraktive tiltaket er ei ekstra Fonna-ferieveke – den set mange pris på.

- Det er ikkje alle føretak som har seniorpolitikk, derfor verdset vi den ordninga vi har, seier Onarheim.