Har nok smittevernutstyr på lager

Det var berre få dagar om å gjera at Helse Fonna gjekk tomme for smittevernutstyr då koronapandemien braut ut. Men no er det nok for både neste bølgje, og fleire bølgjer.

- Ja, her er meir enn nok, og vi byrjar å få dårleg med plass. Og det etter at vi har utvida kapasiteten fleire gonger, fortel seniorrådgjevar Geir Charles Grindheim i Helse Fonna, og viser fram beredskapslageret på over 500 kvadratmeter, ein stad på Haugalandet. Han ramsar opp innhald, som er alt ifrå munnbind, hanskar, frakkar og visir, til handsåpe og Antibac. Grindheim anslår verdien på utstyret til rundt 7 millionar kroner – med utgangspunkt i avtaleprisar.

beredskapslager1-nett.jpg

Stablar i høgda: Direktør for internservice, Leif Terje Alvestad (t.v.), seniorrådgjevar Geir Charles Grindheim og funskjonsleiar Roger Lind er glade for at Helse Vest no tek seg av vidare lagring av smittevernutstyr. Foto: Magne Kydland

- I mine 40 år i denne bransjen har eg delt ut nokre få tiltals med vernebriller. Nyleg sende eg ein palle til Odda sjukehus, så då reknar eg med at dei har til år 3000! seier ein spøkjefull Grindheim. Men sjølv om lageret no er fullt, så har det vore langtfrå berre spøk. Det har vore mykje hardt arbeid, og ein god del frustrasjon. Men samstundes svært lærerikt.

 

Godt samarbeid

- No har vi for mykje av det aller meste, og har nettopp fått reolar og palleløftar, slik at vi kan stable meir i høgda. Men i starten var det kritisk på enkelte artiklar. Då var det jobbing 24/7 for å sikra at vi fekk nok utstyr. Då måtte eg bruka heile nettverket mitt, og vel så det, fortel Grindheim.

- Og det nettverket er ikkje lite! kommenterer direktør for internservice i Helse Fonna, Leif Terje Alvestad, som ikkje kan få rost gjengen på lageret nok. Det var mykje armar og bein, og mange utfordringar som måtte takast på sparket.

- Hadde vi fått italienske eller spanske tilstandar her i Norge, ville vi hatt for lite smittevernutstyr. Marginane var små. Men heldigvis gjekk det ikkje så gale, fortel Alvestad.

I den mest hektiske fasen er det godt at det er etablert gode rutinar og samarbeid med andre, som til dømes helseføretak og kommunar, som hjelpte kvarandre ved behov. Slik som då Helse Fonna søndag 29. mars sende ein av sine tilsette på lageret til Arsvågen ferjekai, der det kom ein frå Helse Stavanger og henta åndedrettsvern, som dei var i ferd med å gå tomme for i Stavanger.

 

Brå start i ny jobb

No kjem det inn 30-40 pallar per veke, frå nasjonalt beredskapslager på Gardermoen, via Helse Vest sitt lager i Bergen. Snart har ikkje Helse Fonna kapasitet til å ta imot meir. Heldigvis held Helse Vest på å inngå ein avtale, som gjer at utstyret kan lagrast i Bergen, i staden for at alt må ut til kommunar og helseføretak.

Funksjonsleiar Roger Lind starta i ny jobb på sentrallageret i vinter, og vart fungerande funksjonsleiar frå 1. mai. Han vart med andre kasta inn i det på det mest hektiske, og har knapt nok opplevd «ein normal dag» på jobb. For gjengen på lageret må fint berre stilla opp når varene kjem, uansett kva dag, eller kva tid på døgeret det måtte vera.

beredskapslageret-nett.jpg

Travelt: Roger Lind (t.v.) hadde ikkje sett føre seg kor travel jobben på sentrallageret skulle bli, då han vart tilsett i vinter. Her samen med Geir Charles Grindheim. Foto: Magne Kydland

- I starten kom det gjerne vogntog fleire gonger i veka, men no er det stort sett kvar torsdag, fortel Lind, som hadde meir enn nok med å halda styr på kva som kom inn, og kva som gjekk ut.

 

Ekstrem situasjon

For å illustrera kor ekstrem mangelen på smittevernutstyr var tidlegare i vår: Innkjøpsprisen på eitt enkelt visir for Helse Fonna er 14,50 kroner. I den mest hektiske fasen fekk Geir Charles Grindheim & Co. «tilbod» om visir til 276 kroner per stk. Det var på ei tid der heile verda hadde mangel på det same utstyret.

Ein visste heller ikkje om alt utstyret som vart tilbydd heldt mål. Men gjengen på lageret forsikrar om at det dei har no oppfyller alle krav.

- Alt utstyret som kjem inn til Norge blir undersøkt, testa og kvalitetssikra av Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI), før det blir fordelt utover landet.

- Det har vore eit mangfald av opplevingar. Det har rett og slett vore ekstremt, innrømmer Grindheim. No håpar gjengen på ein rolegare og mest mogeleg normal sommar, men tek høgde for at det kan bli travelt att. For dei ser ikkje bort frå at det kjem ei ny smittebølgje.

- Men då er vi betre førebudde enn vi var sist, forsikrar Grindheim.

beredskapslager - nett.jpg

På rekkje og rad: Lageret med smitteverntutstyr er så godt som fullt. Frå venstre seksjonsleiar Geir Charles Grindheim, funskjonsleiar Roger Lind og direktør for internservice, Leif Terje Alvestad. Foto: Magne Kydland