Har fått millionstøtte til forsking

Forskar Miriam Hartveit ved Valen sjukehus har saman med to forskarar på Haukeland universitssjukehus fått heile 12 millionar kroner i støtte frå Norsk Forskningsråd.

Hartveit- Kvalevaag- foto Eirik Dankel_12.jpg

Nøgde: Miriam Hartveit (t.v.) og Anne Lise Kvalevaag er svært glade for millionstøtta frå Norsk Forskingsråd. Foto: Eirik Dankel


Dette er ei av dei største enkelttildelingane Helse Fonna nokosinne har fått frå Forskningsrådet.

Saman med dei to professorane Eirik Søfteland og Stig Hartug på Haukeland universitetssjukehus, skal Hartveit forske nærare på temaet «Effektiv implementering av pasientsikkerhetstiltak». Dei skal blant anna studere nærare kva som kjenneteiknar prosessen og institusjonar (sjukehus, sjukeheimar og heimebasete tenester) si implementering av pasienttryggleikspakkar. Basert på funna skal dei utvikle og teste metodar for å auke helsetenesta si evne til å ta i bruk ny kunnskap. Målet er at pasientar skal få oppdatert og sikker behandling og ivaretaking.

- Vi skal blant anna studere implementering av tiltakspakkar for rett bruk av antibiotika, og korleis pasientar med forverring i tilstand blir tekne vare på. Dette er tiltakspakkar vi skal bruke både i primær- og spesialisthelsetenesta, forklarar Miriam Hartveit, som ikkje legg skjul på at ho er glad for tildelinga. Og ho framhevar eit breitt regionalt samarbeid i prosjektet.

Det er tunge forskningsmiljø involvert, men særlig viktig er samarbeidet med FOUSAM og Brukarpanelet for forsking i Helse Fonna, som består av pasientrepresentantar.

FOUSAM står for FoU-enhet for samhandling, og er ei felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna og 18 kommunar i regionen.

Avdelingsleiar for forsking og innovasjon i Helse Fonna, Anne Lise Kvalevaag, er både stolt og glad for millionstøtta.

- Tildelinga er ei stadfesting på eit høgt fagleg nivå i vår helsetenesteforsking. Miriam Hartveit, som deltek i prosjektet for Helse Fonna, har forska innan dette feltet i ei årrekkje, og er no ein del av eit særs anerkjent nasjonalt og internasjonalt forskingsmiljø. Vi er stolte og glade over vår deltaking i dette prosjektet, seier Kvalevaag.