Har du spørsmål om nytt koronavirus?

Mange tar kontakt med sjukehuset med spørsmål om nytt koronavirus. Her finn du informasjon om symptom, smitte og kor du kan søke helsehjelp.

​Det er Folkehelseinstituttet som har ansvar for å gi befolkinga god og oppdatert informasjon om nytt koronavirus. Du skal kunne finne svar på det du lurer på hos folkehelseinstituttet.no. Under har vi samla nokre vanlege spørsmål som kjem til oss.

Eg er redd eg eller barnet mitt har symptom på nytt koronavirus. Kva gjer eg?


Svar: Du kan sjå oversikt over vanlege symptom på folkehelseinstuttet sine sider. Ring til legevakta (tlf: 116 117) dersom du har spørsmål om symptom og vurdering av helsetilstand. Du skal ikkje møte opp direkte på legekontor, legevakt eller sjukehus. Dette er for å unngå å smitte andre.
Ikkje ring 113 med mindre det er snakk om akutt fare for liv og helse.

Kven kan svare på spørsmåla mine?

Svar: Dersom du ikkje finn svar her eller på fhi.no, kan du ringe Folkehelseinstituttet sin publikumstelefon på 815 55 015, som er open mellom 08:00 og 15:30 (måndag-fredag).

Eg har vore i utlandet. Kan eg ringe til sjukehuset og bli testa?


Svar: Nei. Det å ha vore i utlandet er ikkje nok til å bli testa. Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine tilrådingar om kven som bør testast. Dersom du trur du bør testast, skal du ringe fastlege eller legevakt.

Kva kan eg sjølv gjere for å unngå å bli smitta?


Svar: God handhygiene og å halde avstand til andre er dei viktigaste tiltaka for å unngå smitte. Sjå Folkehelseinstituttet sine råd.

Bør friske folk bruke munnbind for sikkerheits skuld?


Svar: Nei. Munnbind kan ved feil bruk føre til auka risiko for smitte og sjukdom. Les meir om dette på folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kva gjer sjukehuset for å vere førebudd på mange sjuke?


Svar: Det kan du lese meir om her: Slik skal Helse Fonna ta i mot pasientar med koronavirus

Eg eller barnet mitt har open dør, kan eg komme på sjukehuset viss eg er bekymra for smitte av nytt koronavirus?


Svar: Pasientar med open dør-status skal ringe fastlege eller legevakt dersom dei har spørsmål om nytt koronavirus. 

Eg er blodgivar - kan eg gi blod?

På grunn av situasjonen rundt koronavirus gir reiser til utlandet 2 vekers karantene etter du er komen heim. Det er også 2 vekers karantene for givarar som har hatt nærkontakt med person som har mistenkt eller påvist smitte med koronaviruset. Karantenetida gjeld frå då du sist hadde kontakt med vedkomande. For personar med mistenkt eller påvist smitte er karantenetida 14 dagar etter at ein blei fri for symptom.

Desse karantenereglane vil kunne føre til mangel på blodgivarar som kan tappast, og gjer det enno viktigare at du som ikkje sjølv er i karantene (og elles er symptomfri) møter opp til blodgivning når du får innkalling fra oss.

Blodbanken minnar om at etablerte blodgivarar kan sette seg opp på ledige timar og endre time via appen «Blodbanken»