Har du hugsa medisinlista di?

Legemiddelfeil er ein av dei hyppigaste årsakane til uønska hendingar og pasientskadar i helsetenesta. Det er desverre ikkje slik i dag at det finnes eit system der all legemiddelinformasjon er samla. Alle pasientar bør derfor ha ei oppdatert legemiddelliste med seg i møte med helsetenesta, oppfordrar Isabella Stokka Landmark som er prosjektleiar for legemiddelsamstemming ved Stord sjukehus.

​Ofte er det vanskeleg å få ei fullstendig oversikt over medisinene som faktisk er i bruk når ein blir lagt inn, og for å unngå feil og skadar må legemiddellista samstemmast regelmessig.


Pasienten i fokus


Legemiddelsamstemming går ut på at ein i samarbeid med pasienten lagar ei nøyaktig og fullstendig liste over legemidlane pasienten faktisk bruker. Pasienten sjølv er den viktigaste kjelda til eigen legemiddelinformajson. God kommunikasjon mellom helsepersonell og pasient er derfor viktig ved legemiddelsamstemming.

Forutan legemidler skal naturmidler, vitaminer, salver og lignande også inn i oversikta. Nokre av desse preparata kan ikkje brukast saman med alle typar legemidlar, og det er viktig at helsepersonell får ei oversikt over kva pasienten brukar. Legemiddel som ikkje er i tablettform, til dømes augedropar, injeksjonar og plaster vert ofte ikkje informert om. Hugs at dette også er viktig for helsepersonell å vite om.

-Pasientane er i dei aller fleste tilfella svært positive til at helsepersonell har fokus på at legemiddellisten stemmer ved innleggelse på sjukehus, seier prosjektleiar Isabella Stokka Landmark.

isabella-landmark-nett.jpg

Ved Stord sjukehus er målet at alle pasientar skal ha ei samstemt medisinliste ved innleggelse og utskrivelse innan slutten av mai 2019.