Talet på pasientar med covid-19 aukar dag for dag, og beredskapsleiinga i Helse Fonna har i dag bestemt seg for å gå frå grøn til gul beredskap. Det inneber blant anna at planlagt behandling kan bli utsett eller avlyst på kort varsel.
Det er onsdag formiddag ti innlagde pasientar med covid-19 i Helse Fonna. Alle ligg på Haugesund sjukehus, og to av dei får intensivbehandling.
Så mange pasientar med covid-19 har det ikkje vore sidan månadsskiftet mars/april. 29. mars låg det inne 12 pasientar med covid-19.
No er presset på sjukehuset så stort at planlagt behandling blir utsett. Dette for å ha beredskap til å ta seg av øyeblikkeleg hjelp og behandling av alvorleg sjuke, slik som kreftpasientar.
- Vi beklagar å måtte utsetje planlagt behandling, noko som vil føre til lenger ventetid for pasientane. Men slik situasjonen er no har vi diverre ikkje noko anna val, seier administrerande direktør Olav Klausen. Han gjev pasientane merksame på at timane kan bli utsett på kort varsel.
I tillegg til mange covid-19-pasientar er det fullt på fleire avdelingar på Haugesund sjukehus. Helse Fonna har også høgt sjukefråvær blant medarbeidarane.
Det blir no rigga til kohortavdeling på lungeavdelinga ved Haugesund sjukehus, og ein ser korleis ein kan flytte både på pasientar og personell for å sikre forsvarleg drift på best mogeleg vis.
