Grøne grep i jobbkvardagen

Karmøy DPS sitt miljøfokus i arbeidskvardagen er Helse Fonna sitt bidrag i spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar.

Norske sjukehus sparte over 37 000 tonn CO2-utslepp i 2020. Og her er alle bidrag viktige, små og store.

Til samanlikning har Helse Stavanger og Helse Fonna eit utslepp på 33 600 tonn til saman. Den største nedgangen er på grunn av færre reiser, både for pasientar og tilsette i koronaåret.

Det viser «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar,» som er presentert for Helse- og omsorgsdepartementet i dag.

rapporten.jpg

I rapporten er klimarekneskapen for 2020 summert opp. Færre reiser på grunn av koronapandemien, nye digitale måtar å jobbe på og eit varmt år gav lågare energiforbruk i sjukehussektoren. Ifølgje Meteorologisk institutt var 2020 det varmaste året sidan målingane starta for 120 år sidan.

Tilsette i spesialisthelsetenesta gjennomførte 71 prosent færre flyreiser i 2020 samanlikna med året før. Dette er ein reduksjon på nesten 10 000 tonn CO2, som svarer til 1800 gonger rundt jorda med fly og over 130 millionar kroner spart i flybillettar.

 

Sårstell med videokonferanse

2020 sette fart i bruk av digitale verktøy i alle helseføretaka i Noreg. I rapporten kan du lese at UNN Harstad steller sår via videokonferanse. St. Olavs hospital har målt at den utovervende digitale verksemda (telefon og video) har auka frå 3 til 22 prosent i 2020.

I dag er 26 prosent av køyretøyparken ved Oslo universitetssykehus fri for utslepp, med god hjelp frå elbilsatsinga i transportavdelinga og prehospital klinikk. Målet om 15 prosent køyretøy frie for utslepp innan 2020 blei nådd med god margin.

Selskap med statleg eigardel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er leiande på sine område. I tillegg til forventingar knytte til klima og miljø skal sjukehusa også jobbe systematisk med menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Sjukehusinnkjøp har blant anna hatt ei vellukka oppfølging av ein fabrikk i Malaysia, som sikra oss nok eingongshanskar under pandemien.

 

Lokalt bidrag

Både Stavanger, Førde, Fonna og Bergen er representeret med saker i rapporten – i tillegg til helseføretak frå andre regionar, Sykehusbygg og Sykehusinnkjøp. Sakene er leverte av personar som jobbar med miljø i sine føretak.

Helse Fonna sitt bidrag er Ungdomseininga ved Karmøy DPS sine grøne grep i behandlingskvardagen. Her har dei fokus på miljø i det daglege, og har innført alt frå å ta i bruk og vaske plastbestikk, i staden for eingongsbestikk, kjeldesortering, gjenbruk og oppussing av møblar, til fokus på mindre køyring/redusere CO2-utslepp og gjere noko med matsvinnet.

44-45.jpg

Miljøfokus: I rapporten er det eit oppslag om korleis ungdomseininga ved Karmøy DPS jobbar i det daglege med fokus på ytre miljø.

Medan fleire «berre» får ei side i rapporten, er det via to sider til arbeidet, og ikkje minst fokuset, dei har på Karmøy DPS.

 

Eit viktig samfunnsansvar

Denne rapporten er den tredje fellesrapporten dei fire regionale helseføretaka presenterer om spesialisthelsetenesta sitt arbeid med samfunnsansvar. Rapporten omfattar alle helseføretak i landet og dei felleseigde selskapa. Innhaldet i rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, i tillegg til antikorrupsjon.

Spesialisthelsetenesta ønskjer å vere leiande i sitt arbeid som ansvarleg verksemd og bidra til ei berekraftig utvikling. Som ein av dei største eigedomsforvaltarane i Noreg, er Helse Sør-Øst sitt ansvar bevisst og har slutta seg til strakstiltaka vegkart for grøn omstilling i eigedomssektoren. Dette, og mange fleire tiltak, kan du lese om i rapporten.

Her kan du lese meir om grønt sjukehus: Grønt sykehus - Helse Midt-Norge RHF (helse-midt.no)