Godt resultat for Helse Fonna

Helse Fonna ligg an til eit driftsresultat på rundt 115 millionar kroner for 2020.

Helse Fonna ligg førebels an til eit driftsresultat på 114,7 millionar kroner av ei totalomsetning på 3.738,6 millionar kroner for 2020. 

Resultat etter finans viser eit overskot på 116,8 millionar kroner og eit positivt avvik i forhold til resultatkrav frå eigar på 76,8 millionar kroner. Resultatet inkluderer nedskrivingar på 23,6 millionar kroner, som i hovudsak gjeld bygg som skal byggjast om i Haugesund. Nedskrivingane påverkar ikkje investeringsevna til føretaket, heiter det i orienteringa til styret.

Likt over heile landet

Pandemien har hatt både negative og positive effektar på det økonomiske resultatet for 2020. 

Dei største negative effektane viser igjen i reduserte pasientrelaterte inntekter og auka personalkostnadar. Gjestepasientkostnadane har blitt monaleg lågare. 

Med fleire video- og telefonkonsultasjonar har reisekostnadar til medarbeidarar og pasientar blitt lågare i 2020. 

Helse Fonna har fått 140 millionar kroner i auka ramme frå eigar til å dekkje ekstra kostnadar, og 60 millionar kroner som kompenasjon for bortfall av pasientrelaterte inntekter. 

Rekneskapen er ikkje ferdig revidert og resultatet er difor førebels.

At Helse Fonna endar opp med eit resultat som er langt over både krav og budsjett er ikkje unikt. Over heile landet vert det meldt om det same. 

Det samla overskotet i helse-Noreg ligg an til å bli rundt seks milliardar kroner, og  i Helse Vest er overskotet på rundt 1,5 milliardar kroner.

– Overskotet for 2020 skuldast først og fremst tilskotet som skal dekkje effektar av pandemien. Pandemien er ikkje over, og det er viktig å understreke at vi vil sjå budsjetta for 2020 og 2021 i samanheng, forklarar kommunikasjonsdirektør Bente Aae i Helse Vest.

Styrkja likviditet

For Helse Fonna sin del betyr overskotet styrkja likviditet, som er godt å ha med seg når ein no planlegg neste byggjetrinn på Haugesund sjukehus.

– Eg er stolt over innsatsen til dei tilsette, som har stått i ein krevjande pandemisituasjon over lang tid. Overskotet gjer oss i stand til å investere i meir medisinteknisk utstyr, noko som kjem både pasientar og medarbeidarar til gode, forklarar administrerande direktør Olav Klausen.

Styreleiar Per Bjørn Habbestad er godt nøgd med den økonomiske stoda i føretaket.

– Men det er viktig å understreke at dette ikkje er frie midlar. Det er klare restriksjonar til bruken av overskotet, særleg bidraget frå staten. Dette må sjåast som ein buffer for 2021, understrekar Habbestad.