Godt nøgde med måten Helse Fonna har handtert koronapandemien på

Dei tilsette i Helse Fonna får skryt både frå styret og frå brukarutvalet for korleis helseføretaket har takla utfordringane i koronaåret 2020.

Grete-muller-foto-Eirik-Dankel.jpg

Stor tillit: Leiar av brukarutvalet i Helse Fonna, Grete Müller, føler seg trygg på at pasientane får god behandling, trass i utfordringar som følgje av koronapandemien. Foto: Eirik Dankel


- Helsepersonell og leiinga i føretaket, som sidan mars har stått i ein vanskeleg situasjon under koronapandemien med ekstra stor arbeidsbelastning, har takla utfordringane på ein måte som det står stor respekt av. Nye vaksinar mot koronaviruset blir tilgjengelege etter nyttår, noko som på lenger sikt vil bidra til ein meir normal kvardag for pasientar og helsepersonell i Helse Fonna.

Brukarutvalet har stor tillit til at pasientane våre – uansett utviklinga av pandemien – vil få den beste behandlinga som er tilgjengeleg.

Slik oppsummerer brukarutvalet i Helse Fonna året 2020 i føretaket. Uttalen er gjeven i samband med årleg melding, som styret fekk full gjennomgang av på styremøtet torsdag, og som no blir sendt til Helse Vest. Meldinga, som er på 40 sider, oppsummerer året i Helse Fonna.

Lang ventetid

Trass i at det er for mange korridorpasientar, og at måltala på ventetid og fristbrot ikkje er oppfylte, er det likevel mykje positivt å notere frå drifta i 2020. Blant anna går arbeidet med nytt sjukehusbygg i Haugesund etter planen, både med tanke på økonomi, framdrift og kvalitet. Økonomisk kjem ein mest truleg i mål med eit overskot på 60 millionar kroner, fordi Staten har lova å kompensere for tapte inntekter som følgje av koronapandemien, og i tillegg er det reduserte utgifter til pasientreiser og gjestepasientar.

Helse Fonna har god måloppnåing på mange av indikatorane for pakkeforløp for kreftpasientar, og det er gjort greie for gode tiltak for å redusere og følgje opp talet på pasientskader.

Alt dette kjem fram i den årlege meldinga.

- Pandemien med koronavirus har prega føretaket si verksemd sterkt i 2020. Helse Fonna starta planlegging for pandemien 11.02.20 og sette beredskap 12.03.20. Føretaket har etter dette endra verksemda monaleg. Relativt lågt smittetrykk fram til hausten 2020 og god innsats frå medarbeidarar, tillitsvalte, vernetenesta, leiarar og beredskapsleiinga har medverka til at

føretaket så langt har hatt kontroll over situasjonen. Føretaket har hatt eit tett og nært

samarbeid med Helse Vest RHF, Fylkesmenn, kommunar i opptaksområdet, samt høgskule og universitet. Helse Fonna har vore proaktive i kommunikasjon med media og samfunn.

Føretaket tok tidleg i bruk behandling med plasma frå pasientar som hadde hatt sjukdommen, står det å lesa i oppsummeringa i årleg melding.

Fristbrot

Helse Fonna har ved utgangen av året, trass i koronautfordringane, nådd nasjonale og regionale kvalitetsparametrar for ventetid innan psykisk helsevern.

- For å halde desse måla blir det lagt vekt på rett registrering av tilvisingar, regelmessig og hyppig kontroll av ventelister, effektiv ressursbruk og god kvalitet på koding. Særleg innan barne- og ungdomspsykiatri har det vore ei positiv utvikling med omsyn til ventetid for behandla. Klinikk for psykisk helsevern har berre hatt einskilde fristbrot i 2020.

I oktober 2020 var det fristbrot hjå 219 pasientar som hadde starta behandling, og fristbrot hjå 643 pasientar som venta på behandling. Mange av fristbrota skuldast at planlagt aktivitet er utsett grunna covid-19, heiter det i meldinga.

Gode tilbakemeldingar

Også styreleiar Per Bjørn Habbestad og resten av styret uttrykte at dei var nøgde med måten ein har balansert ordinær drift med koronapandemien.

- Dette har vore eit heilt spesielt driftsår, og overskrifta her er at Helse Fonna har handtert dei heilt spesielle utfordringane som har oppstått på ein veldig god måte, seier Habbestad.

Fleire av styremedlemmene påpeika at innleiinga til rapporten rett og slett var litt smålåten, og bad administrasjonen om å vere endå meir positive i høve kva som er oppnådd.

Tilbakemeldingane frå pasientane er meir blanda. Pasientane er rimeleg godt nøgde med behandlinga dei får på sjukehusa i Stord og Odda, men tilbakemeldingane frå pasientar i Haugesund er ikkje like gode.

Dårleg standard

I desember offentleggjorde Folkehelseinstituttet resultata frå den ferskaste PasOpp-rapporten. Undersøkinga baserer seg på svar frå innlagde pasientar i perioden 1. august til 31. oktober i 2019. Svarprosentane varierte mellom sjukehusa. Det kom 209 svar frå pasientar ved Stord sjukehus, 77 frå pasientar ved Odda sjukehus og 202 svar frå pasientar ved Haugesund sjukehus, ein svarprosent på 53. I heile landet var det 12.296 som svarte på undersøkinga, ein svarprosent på 58 av alle som vart kontakta av Norsk pasientregister.

Helse Fonna som føretak skårar signifikant lågare på legane, pleiepersonalet, informasjon, organisering og standard samanlikna med gjennomsnittet for dei andre helseføretaka. Det er ein nedgang i resultatet på ventetid i høve til førre undersøking i 2015. Det er Haugesund sjukehus som i stor grad trekkjer ned gjennomsnittet for føretaket. Stord sjukehus skårar signifikant dårligare på standard, elles er det ikkje avvik frå landsgjennomsnittet. Odda sjukehus kjem best ut og skårar likt landsgjennomsnittet.

Fleire tiltak

I samband med rapporten vart det laga ei eiga orientering til styret.

- Administrerande direktør er ikkje nøgd med resultata frå undersøkinga, spesielt ikkje for Haugesund sjukehus. Undersøkinga er drøfta i direktørgruppa, kvalitetsutvalet og brukarutvalet. Administrerande direktør vil bruke undersøkinga aktivt til å betre dei ulike områda der undersøkinga peikar på at føretaket er dårlegare enn gjennomsnittet for dei andre helseføretaka, heiter det i orienteringa.

Blant tiltaka som vert trekte fram er eit aktivt kvalitetsutval med brukarrepresentasjon som tilbakemelder til leiarlinja, aktiv bruk av læringsmeldingar ved uønskte hendingar, kompetanseheving og betre informasjon til pasientane.

- Helse Fonna planlegg å lyse ut ei 40 prosent stilling i eitt år, knytt til avdeling for kvalitet og pasientsikkerhet, for arbeid med lokale, regionale og nasjonale pasienterfaringsundersøkingar. Særleg fokus vil vere å ta resultata aktivt i bruk i forbetringsarbeid. Haugesund sjukehus er i dårleg bygningsmessig forfatning og det går føre seg eit byggeprosjekt til om lag to milliardar kroner som er ferdig i august 2021. I tillegg har føretaket planar for ei forsering av byggetrinn 2 som vil gi heilt andre fasilitetar for innlagde pasientar enn i dag, heiter det i orienteringa.

Styret var nøgde med punkta som er skisserte, og fleire understrekte at dette er noko ein må ta på alvor.

- Det er ikkje kjekt å få så dårlege resultat i ei nasjonal undersøking. Dette er noko vi må ta inn over oss, og så må vi jobbe oss opp i leveransane, seier Per Bjørn Habbestad.